Jordbærplukking i Valldal foto Ogne
STRENGARE REGLAR: Det er vansklegare å få folk frå utlandet til jordbærplukking i Noreg enn det var i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny runde med norsk rekruttering

Jordbærbøndene i Valldal jaktar på norske plukkarar også i år.

28.04.2021

Nett no ser det ut til å bli vansklegare for bøndene å rekruttere sesongarbeidarar frå utlandet enn det som blei tilfelle i fjor.

Innreisereglane er blitt stramma inn, slik at det i utgangspunktet berre er såkalla kritisk personell som får unntak. Vanlege bærplukkarar til dømes, ser ikkje ut til å bli omfatta av den reglane.

Plukkarar til Valldal
I fjor fekk jordbærbøndene i Valldal over 200 søkjarar på stillingsannonsen sin, der dei for første gang på fleire år satsa på å rekruttere folk som bur i Noreg til jordbærplukking.

I fjor vart grensene opna får hovudsesongen, og mykje av plukkinga vart gjort at utlendingar, der folk frå Polen er den største gruppa.

I år prøver vi igjen, seier dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt om annonsen som skal lokke folk som bur i Noreg til jordbæråkrana i Valldal. Valldal Grønt tek i mot og pakkar bær og frukt frå bøndene i Valldal.

Plantar for fullt
Sjølv om tilgangen på arbeidskraft er usikker ligg det an til at bøndene i Valldal plante nye jordbærsplanter som om det skal bli ein vanleg sesong, ifølgje Valle.

Bøndene håpar arbeidskraftsituasjonen skal løyse seg. I tillegg er den økonomiske risiken liten, Sjølve plantinga ikkeej meir arbeidskrevjande enn at bøndene treng lite ekstra hjelp for å få plantene i jorda, og det som blir planta i år kan uansett haustast frå neste sesong.

Hastar med løysing
Organisasjonssjef Arve Gladheim i Gartnerhallen seier spørsmålet om sesongarbeidarrekruttering helst skulle vere avklara "i går".

Kostnaden med karantenehotell og ekstra smitteverntiltak er ikkje flaskehalsen, ifølgje Gladheim, men rett og slett om utanlandsk arbeidskraft får sleppe inn som er utfordinga.

Å basere seg på norsk arbeidskraft vil ikkje vere nok til å få alle avlingane i hus.

- Det er eit alternativ, men det er ikkje eit fullgodt alternativ, seier Gladheim.

Det byrjar å haste. I Vestfold startar hausting av salat rundt 17. mai og i byrjinga av juni i startar den første bærhaustinga.

I Valldal er hovudsesong for plukking i gang i juli.

Publisert: 28.04.2021 17:00

Sist oppdatert: 19.07.2021 14:34

Mer om