Valødag jordbærlager 2020 foto Ogne
MEIR UVISSE I ÅR: I fjor produserte jordbærbøndene i Valdal om lag som planlagt. Valldal Grønt, der biletet er teke, er bøndene sitt mottaksanlegg og distribusjonssentral. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Korona-konsekvensane: Uvisse for landbruket i år som i fjor

Bøndene startar våronna med like stor uvisse som dei gjorde i 2020.

29.03.2021
KORONA-KONSEKVENSANE

I fjor vart det opna opp for utanlandske sesongarbeidarar etterkvart som frykta for koronasmitte slapp taket.

Etter eit par månader med korona hadde både styresmaktene og folk flest erfart at viruset ikkje var så smittsamt som først frykta. Smittetala gjekk ned, og grensene blei opna for sesongarbeidarane igjen.

Dette er tredje artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Men i år har viruset mutert seg og dei nye versjonane viser seg å vere både meir smittsame og gjere folk sjukare enn den første varianten.

Førebels er det viruset som leiar kappløpet med vaksinene og gjer også årets påske til ein langt traurigare ferie enn vi ønskjer oss.

For bøndene som har basert seg på utanlandske sesongarbeidarar er det ikkje berre eit spørsmål om Noreg greier å vaksinere nok folk til at koronaepidemine byrjar å ebbe ut til sommaren, men også vaksinesituasjonen der sesongarbeidarane kjem frå.

Difor kan 2021 bli eit vanskelegare år for bøndene som treng sesongarbeidarar, enn 2020 vart.

I Nordfjord og på Sunnmøre er det bær- og fruktbøndene i Innvik, Utvik, Gloppen og ikkje minst Valldal som treng sesongarbeidarar for å få avlinga plukka og ut i marknadene.

I ein normal sesong er det 350-360 sesongarbeidarar hos bøndene i Valldal. 80-90 prosent av sesongarbeidarane kjem frå Polen.

I 2019 leverte Valldal-bøndene nesten 400 tonn jordbær og 30 tonn bringebær, pluss ein del plommer. Driftsinntektene i 2019 var 23 millionar kroner.

Ei rekrutteringskampanje for å få folk til busette i Noreg til plukke jordbær var til litt hjelp, men det var utlendingar som sto for mesteparten av plukkinga også i 2020.

I tillegg til frukt- og bærbøndene er det dei som dyrkar rotfrukter og grønsaker som treng flest sesongarbeidarar, og dei kjem frå utlandet.

969 bønder som driv med grønsaker og rotfrukter svarer i ei undersøkjing at dei må ha sesongarbeidarane på plass innn 1. mai.

Det er Norges Bondelag som har gjennomført undersøkjinga.

11 prosent av bøndene svarar at dei planlegg å redusere produksjonen i år. Blant dei som driv størst - 91 bønder som i eit normalår har over 20 sesongarbeidarar på lønningslista - er det ein fjerdepart som planlegg redusert produksjon.

Bondelaget håpar mellom anna at det skal vere råd å rekruttere norsk arbeidskraft, både gjennom NAV og frå elevar som tek naturbruksutdanning.

Erfaringa frå i fjor er at det ikkje berre er å slå på ein brytar, så står norsk arbeidskraft klar til å fylle tomromet etter erfarne sesongarbeidarar frå utlandet.

Lærdomen frå pandemien bør mellom anna vere at det er lurt å bygge opp ein stamme av sesongarbeidarar som bur her i landet også nettopp for å handtere kriser som koronapandemien.

Dette er tredje artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 29.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 05.04.2021 13:11

Mer om