Skjønsnemnd Ørsta Volda Sølvi Dimmen Ørnulf Røhnebæk Stein Aam foto Ogne
NY RUNDE: Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) frå Volda og ordførar Stein Aam (Sp) frå Ørsta i samtale med lagdommar Ørnulf Røhnebeck under skjønsnemnda i fjor. No skal overskjønsnemnda vurdere argumentasjonen frå dei to kommunane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny runde mellom Volda og Ørsta

Naboar, men ikkje vel forlikte om kraftinntekter.

16.01.2023

I februar i fjor avgjorde skjønsnemda at Volda kommune skal betale Ørsta 5,5 millionar kroner årleg i åra 2020-2027 etter at bygdene innerst i Hjørundfjorden vart overført frå Ørsta til Volda.

Til saman er det snakk om 44 millionar kroner.

Det var ei avgjerd Volda var usamd i og kommunen anka til overskjønsnemnda. Ørsta kommune på si side meinte den fekk for lite, og anka også.

Denne veka møtes kommunane på nytt, onsdag 18. og torsdag 19. januar, for å få ei endeleg avgjerd.

Begge kommunane stiller med advokat for å få lagt fram sitt syn.

Skifta kommune
Utgangspunktet for striden er at bygdene Viddal, Leira, Bjørke, Finnes og Skjåstaddalen vart overført frå Ørsta til Volda frå 2020 etter at 19 av 104 innbyggjarar i bygdene bad om ei revurdering av kommunegrensene.

Bygdene har ikkje direkte vegsamband til Ørsta, og elevane derifrå har gått på skule i Volda.

Kraftinntekter
Det er fem kraftverk i bygdene, mellom dei det største kraftverket til Tussa. Det har gitt Ørsta kommune kraftinntekter og det inntektstapet vil Ørsta kommune ha kompensert i ei overgangsperiode.

Utan erstatning vil Ørsta kommune tape 180 millionar kroner i inntekter dei neste 20 åra, sa ordførar Stein Aam frå Ørsta i si innleiing til skjønsnemnda i fjor.

Hovudkravet frå Ørsta kommune var ei erstatning som er knytt til prisutviklinga på kraft framover, med full kompensasjon for tapte inntekter i 15 år og deretter ei nedtrappingstid på fem år. Dersom skjønsnemnda konkluderte med ei eingongserstatning var kravet frå Ørsta 110 millionar kroner.

Volda kommune meiner nabokommunen ikkje har krav på noko.

Publisert: 16.01.2023 09:00

Sist oppdatert: 16.01.2023 21:12