Ny runde om Emerald erstatning
NY RUNDE: I forgrunnen advokat Sondre Loftheim Valaker frå Kluge Advokatfirma under rettsaka i tingretten. Loftheim representerte Stig Remøy sine tidlegare partnarar i Emerald Fisheries, Jon Reidar og Jørgen Ervik (i bakgrunnen) og Frode Igland (som ikkje er med på biletet). Bilete av Stig Remøy innfelt nede til høgre. I rettsaka i lagmannsretten er Loftheim medhjelpar og hans kollega Inger Hygen prosessfullmektig. Stig Remøy er representert av Ole-Reinhart Notø frå Adviso Advokatfirma, med Silje Bruun Teigen som medhjelpar.
Nytt

Ny runde om Emerald-erstatning

Stig Remøy og hans tidlegare krillfiske-partnarar møtes i lagmannsretten.

02.11.2020
Selskapa Ervik Marine as (Ervik-familien i Ålesund), Frode Igland as (Frode Igland i Bergen), Støylebakken as (Jon Reidar Ervik i Ålesund) og Fagerlia Invest (Jørgen Ervik i Ålesund) anka dommen frå tingretten etter at dei ikkje fekk medhald i erstatningskravet mot Stig Remøy.
I ettermiddag, mandag 2. november, startar ankesaka i lagmannsretten. Rettsaka varer til og med fredag denne veka.
Kravet er på 28,7 millionar kroner, i tillegg til renter på det opphavlege kravet, ifølgje sluttinnlegget til Inger Hygen i advokatfirmaet Kluge, som representerer dei fire saksøkjarane. Ho skriv og at saksøkjarane vil legge fram ny dokumentasjon.

Ikkje medhald

Dei tidlegare krillpartnarane meiner Remøy er personleg ansvarleg for at dei ikkje har fått betaling frå Olympic Holding for minoritetsposten sin i Emerald Fisheries, som dei kravde innløyst i 2013.
Grunngjevinga for kravet er fleire disposisjonar og transaksjonar som blei gjort i Olympic Holding-konsernet, før konkursen i Olympic Holding i desember 1016. Remøy-dominerte Olympic Holding var storaksjonær i Emerald Fisheries.

Tingretten konkluderte motsett av saksøkjarane, som også blei pålagt å dekkje Remøy sine sakskostnadar på 1,4 millionar kroner.

Ikkje betalt

Stig Remøys selskap Olympic Holding vart partnar og etterkvart største aksjonær i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries, med like over 90 prosent eigarandel.
Etterkvart surna samarbeidet og i 2013 kravde dei andre aksjonærane å bli løyst ut av Emerald Fisheries. Medan Stig Remøy meinte 3,60 kroner pr. aksje var rett pris, ville motparten ha 233,27 kroner pr. aksje. Søre Sunnmøre tingrett konkludert i 2015 med at 35,85 kroner var rett verdi. Det gav minoritetseigarane 25 millionar kroner og verdsette selskapet til 250 millionar.
I ankesaka året etter, i august 2016, kom lagmannsretten fram til omlag same beløp.

Men pengane vart ikkje betalt. Striden om kven som har ansvaret for dem manglande betaling er utgangspunktet for rettsaka.

Ikkje erstatningsansvar

Då lagmannsretten konkluderte var både Olympic Holding - som eigde både offshore- og fiskeriselskap - og Emerald Fisheries i krise.
Olympic Holding melde oppbod og det blei opna konkurs 21. desember 2016, dagen etter at selskapet skifta namn til MJ Eigedom.
Advokat Ole-Reinhart Notø i advoktatfirmaet Adviso representerer Stig Remøy og held fast ved at tingretten har rett i at Remøy ikkje har erstatningsansvar.
Notø skriv i sitt sluttinnlegg også at nye bevis, påstandsgrunnlag og faktum som motparten har fremma bør avvisast, eventuelt at "nye og uholdbare påstander" ikkje har betydning for vurdering av styreansvar.

Publisert: 02.11.2020 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04