NPK-NTB-Daniel Lundby Olsen: Noreg eksporterte sjømat for heile 151,4 milliardar kroner i fjor. Det ein auke på 30,7 milliardar kroner, eller 25 prosent, frå 2021 – førre rekordår.
Det er rekord i verdi og svarer til 40 millionar måltid kvar einaste dag – året rundt.
– Den norske sjømateksporten har lagt bak seg eit historisk sterkt år i ein periode med krig i Europa, galopperande energiprisar, skyhøg inflasjon og ei svekt global kjøpekraft, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.
Rekordbeløpet kjem ifølgje han som eit resultat av ein kraftig prisvekst gjennom fjoråret, som igjen gav rekordhøge prisar på fleire viktige artar.
– Norsk laks er elska over heile verda, medan torsken står svært sterkt i Europa. Makrellen dominerer i Asia, klippfisken er nærast heilag i Portugal og Brasil, og stadig fleire får auga opp for norske skaldyr, seier Chramer.
Lågare eksportvolum
Også fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) er full av lovord om den nye milepælen.
– At eksporten går så godt, viser at sjømatnæringa er ei tilpassingsdyktig næring med flinke folk i heile verdikjeda som leverer produkt som er ettertrakta, poengterer han.
Rekordbeløpet kjem trass i lågare eksport av ei rekkje artar, som laks, sild, makrell, torsk, kongekrabbe og snøkrabbe.
– For laks har lågare sjøtemperaturar påverka slaktinga negativt. Når det gjeld villfanga artar, gjekk det i fjor store mengder sild til mjøl- og oljeproduksjon i Noreg, medan vi hadde lågare kvotar for torsk. Dette er i stor grad hovudforklaringa til volumnedgangen, seier Chramer.
Fleire milepælar
2022 baud også på fleire andre jubeltal. For første gong eksporterte Noreg sjømat for meir enn 10 milliardar kroner i alle dei tolv månadene i år. I tillegg passerte lakseeksporten 100 milliardar kroner (105,8 milliardar).
– Norsk laks har hatt ein årleg vekst i eksportverdien på 14 prosent dei siste ti åra. Dette er eventyrlege tal og langt over resten av fastlandseksporten i Noreg, forklarer Chramer.
Laks stod også i fjor for den desidert største andelen av norsk sjømateksport, med 70 prosent av den totale verdien. 2022 var også eit rekordår for eksportverdi av fersk og frosen torsk (12,2 milliardar kroner) og aure (5 milliardar kroner).
Høgaste sidan år 2000
Dei største marknadene for norsk sjømat var Polen (15,5 milliardar kroner), Danmark (12,6 milliardar kroner) og USA (11,7 milliardar kroner). Sistnemnde hadde størst verdivekst i fjor med ein auke i eksportverdi på 46 prosent samanlikna med året før.
Også i Kina og Storbritannia opplevde norske eksportørar stor oppgang.
– Vi må heilt tilbake til år 2000 for å finne ein høgare eksportverdi av frosen torsk til Storbritannia, seier sjømatanalytikar Eivind Hestvik Brækkan i Noregs sjømatråd.
Mørke skyer i horisonten
Norsk sjømateksport har hatt ein sterk verdivekst dei siste åra, mykje takka vere ei svak norsk krone. Sidan 2015 har verdien fordobla seg, men Chramer understrekar likevel at vi ikkje kan ta ytterlegare vekst for gitt.
– Verdshandelen blir påverka sterkt av krigen i Ukraina, auke i talet på handelshinder og ein koronapandemi som ikkje gir seg. Dette skjer parallelt med at forbrukarane i marknadene opplever svekt kjøpekraft, og at konkurransen frå andre nasjonar og andre proteinkjelder hardnar til.
Han viser også til at norske sjømatprodusentar blir ramma kraftig av auka kostnader på drivstoff og energi.
– Det er viktig å ta med seg på ein dag der det er mykje fokus på eksportrekordar, understrekar Chramer.
Publisert: 04.01.2023 08:07
Sist oppdatert: 04.01.2023 08:24