- Vi har lenge hatt eit godt samarbeid med Acel-gruppa, der vi har stått for drift og vedlikehald av IT-systema i deira eige datasenter.
- No var tida inne for å oppdatere IT-løysinga, og Acel valde å flytte alle serverane og tenestene inn til datasenteret vårt, seier Kjell Arne Sommerstad, salssjef i Tussa IKT, i ei pressemelding.
Tussa viser til at selskapet har eit av dei mest miljøvenlege og framtidsretta datasentera i Noreg.Varmen som serverparken genererer vert ikkje blåst ut i det fri, som mange andre stader. Han vert brukt til å varme opp bygg.
- Vi er ein elektroentreprenør med aktivitet over heile verda, og dette var viktige argument for å flytte serverane våre til Tussa.
- Vi har miljø i fokus, og skal vere ein påliteleg partnar innan elektro for kundane våre både på land og den maritime marknaden, seier Jostein Christiansen, Finance Manager i Acel, i pressemeldinga.
- No var tida inne for å oppdatere IT-løysinga, og Acel valde å flytte alle serverane og tenestene inn til datasenteret vårt, seier Kjell Arne Sommerstad, salssjef i Tussa IKT, i ei pressemelding.
Tussa viser til at selskapet har eit av dei mest miljøvenlege og framtidsretta datasentera i Noreg.Varmen som serverparken genererer vert ikkje blåst ut i det fri, som mange andre stader. Han vert brukt til å varme opp bygg.
- Miljø i fokus
I tillegg opplyser Tussa i pressemeldinga at datasenteret kan skilte med topp sikkerheit, både med omsyn til å tole varme, vatn og gass, men også med omsyn til forsyning av straum og fibernett.- Vi er ein elektroentreprenør med aktivitet over heile verda, og dette var viktige argument for å flytte serverane våre til Tussa.
- Vi har miljø i fokus, og skal vere ein påliteleg partnar innan elektro for kundane våre både på land og den maritime marknaden, seier Jostein Christiansen, Finance Manager i Acel, i pressemeldinga.
120 tilsette
Acel-gruppa er ein total elektroentreprenør med hovudkontor i Ålesund.Selskapet har totalt 120 tilsette i Noreg og Litauen, og avdelingar innan engineering, tavleproduksjon, marine installasjonar i nybygg og ombyggingsprosjekt, maritim/offshore-service over heile verda, elektroinstallasjonar og service mot bustader og næringsbygg.Publisert: 27.03.2019 16:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33