Ny valutasmell for Frislid
VERRE OG VERRE: Heilt sidan 2014 har valutakursen utvikla seg negativ for bedrifter som Frislid Konfeksjon. - Ein trur at no er vi på botnen, men så blir det berre verre og verre, seier Frislid-sjef Rune Taklo.
Nytt

Ny valutasmell for Frislid

Blir eurokursen liggande på nivået den har etter kurshoppet dei siste dagane kan Frislid Konfeksjon i beste fall håpe på eit resultat i balanse i år.

10.03.2020
Frå utgangen av 2019 til i dag har Euro blir 10,5 prosent dyrare målt mot norske kroner.
For ei importbedrift som Frislid Konfeksjon betyr 10 prosent endring i valutakursen omlag 2,5 millionar kroner utslag på botnlina, og i dette tilfellet ei endring i negativ lei for selskapet.
Frislid Konfeksjon på Nordfjordeid får sydd mange av sine jakker, bukser og dressar i Baltikum. Selskapet betaler i hovudsak i euro og eurokursen har utvikla seg i negativ retning for Frislid sidan 2014.

Stadig strammare

Då valutakursane starta å utvikle seg til ugunst for importbedriftene - og til gunst for eksportbedriftene - tok det ikkje lang tid før økonomiske ekspertar spådde at endringane ville stoppe, og også snu.
Tida er inne for at næringslivet bur seg på at bedriftene ikkje får ytterlegare drahjelp av at krona svekka seg, meinte analytikar Gaute Langeland i Nordea Markets under klyngekonferansen for den maritime bransjen på Nordvestlandet - hausten 2016.

Den og andre liknande spådommar slo ikkje til.

Svekka lønsemd

Frå midten av april 2015 og fram til i dag har eurokursutviklinga åleine gjort det 30 prosent dyrare for Frislid å importere klede til Noreg. I tillegg kjem prisauke på ull og ein generell kostnadsauke i Baltikum.
Sist Taklo reknar på verknaden, for perioden sommaren 2015 til sommaren 2019, kom han til at Frislid Konfeksjon hadde ein kostnadsauke på 40 prosent - og at selskapet i same periode berre hadde auka prisane ut til kundane i Noreg med 22 prosent.
Korrigert for eingangskostnadar i samband med avvikling av bruken av agentar i Noreg enda 2018 omlag i balanse, i følgje Taklo. Det er det svakaste resultatet selskapet har hatt, men frykta for å tape sal gjer at Taklo ikkje har tatt sjansen på å auke prisane meir.
- Vi aukar prisane der vi torer å auke dei, seier Taklo.

Publisert: 10.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54