Hotel Alexandra ute inne foto Hotel Alexandra 11
KAN TA HØGARE PRIS: Hotel Alexandra er det klart største selskapet i konsernet med base i Stryn-bygda Loen. Høgare romprisar og færre reaksjonar frå utanlandske gjestar, er blant trendane. Foto: Hotel Alexandra
Nytt

Ny vekst og største overskot nokon gong

No klagar ikkje lengre dei utanlandske hotellgjestane på prisnivået i Norge.

Marius Rosbach
29.06.2024

– Vi har klart å tene pengar på alt vi driv med, seier ein strålande nøgd hotelldirektør Richard Grov då Nett No spør om 2023-resultata.

Denne veka blei rekneskapane for både gondolbana, restauranten på toppen av fjellet og aktivitetsselskapet offentlege. Det same vart Hotel Loenfjord-tala.

Kort summert opp peikar alle pilane oppover. Grov kan fortelje at det same gjeld for hovudselskapet Hotel Alexandra.

Det gjer at konsernet sette nye rekordar både for omsetning og overskot i 2023 (sjå tabell under).

Hotel Alexandra (konsern)
Tal i mill. kroner

2023

2022
Driftsinntekt313265,5
Driftsresultat6436,4
Resultat før skatt3919,4

Ikkje lengre skremt av prisnivået
Dei fleste gjestane til Alexandra-hotellet er framleis nordmenn, men Grov fortel at dei ser ein «meir potent» internasjonal marknad.

– Det er ein ny type gjestar som ikkje har problem med det norske prisnivået, seier han.

Svak krone og kostnadsauke over store delar av verda, er stikkorda for at turistar frå utlandet gjerne unner seg meir på norgesferie.

For hotelldirektøren er det nye takter å oppleve at utlendingane ikkje lengre rynkar på nasen når dei får rekninga for rom, mat eller drikke.

– Eg høyrde nett ein brite som sa han kunne betale det same for ein pint med øl heime, fortel Grov.

Skandinavia-bølgje og klimaturistar
Grov trekk også fram at Norge surfar på ei bølgje av interesse for heile Skandinavia som reisemål.

Eit eksempel på interessa for spektakulære opplevingar ute i verda, fekk dei etter å ha sendt ut ei pressemelding om den nye attraksjonen Stigull – ein stige høgt oppe i fjellet.

Då dei talde opp for eit par veker sidan, var det 213 media over heile verda som hadde omtalt saka.

– Det viser at vi er i eit område som er etterspurt og mange har interesse av å reise til, seier han.

«Klimaturistar» som følgje av varmare temperaturar og hetebølgjer er óg ein trend som er kome for å bli.

– Spesielt frå arabiske land får vi fleire gjestar. Det er heilt klart ein megatrend, seier direktøren for Loen-hotellet.

Richard grov 11 foto marius
Bildetekst: GOD SOMMAR: – Sommaren med juli og august ser veldig bra ut, og på same nivå som i fjor, fortel hotelldirektør og eigar Richard Grov. Foto: Marius Rosbach

Auka omsetning så langt i år
I fjor stoppa omsetninga for konsernet samla på 313 millionar kroner. Per første halvår i år ligg det an til ei ny auke i inntektene. Det er for tidleg å seie om dei kan nå same rekordlønnsemd som i fjor, med eit driftsresultat på over 60 millionar.

– Vi har høgare rente og ein del andre kostnadsdrivarar, men det ut til at vi skal få eit anstendig resultat i år også, seier Grov.

– Sommaren med juli og august ser veldig bra ut, og forehandsbestillingane er på same nivå som i fjor, legg han til.

Betre betalt med høgare standard
Hardt arbeid og langsiktig planlegging ligg også bak utviklinga som gjorde at både omsetninga og overskot steig til nye høgdar i løpet av fjoråret.

– Vi har investert i tunge prosjekt i å pusse opp rom både på Hotel Loenfjord og Alexandra. Då har vi heva standarden frå golv til tak slik at dei blir heilt nye. Når vi gjer slike ting får vi også betre betalt, seier Grov.

Resultatet har mellom anna vore at dei har klart å auke romprisen «vel å så mykje» som inflasjonen.

i har jobba målbevisst gjennom mange år for å bygge opp reiselivet i Loen
Richard Grov

– Vi har jobba målbevisst
Å tene pengar på alt dei driv med, er allereie nemnt. Alexandra-konsernet har både gondolbana Loen Skylift, restauranten Hoven og aktivitetsselskapet Active Loen innunder sin paraply.

Samspelet mellom verksemdene er viktig, påpeiker Grov.

– Vi har jobba målbevisst gjennom mange år for å bygge opp reiselivet i Loen. Vi kallar oss den vesle bygda med dei store opplevingane. Det har kravd at vi har vore langsiktige, gjort store investeringar og hatt god drift, seier han.

Publisert: 29.06.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.08.2024 06:11

Mer om