
Nye millionar og ny sjef skal løfte droneselskap
Kapitalutviding verdsette Griff Aviation til 250 millionar kroner.
Griff Aviation henta inn 20 millionar kroner i ny eigenkapital i sommar, seier styreleiar Tore Tønseth til Nett No.
Kapitalutvidinga verdsette dronefabrikken i Sykkylven til 250 millionar kroner. Dei to største aksjonærane, Halsebakk-familien og Jakob Hatteland og familie, eig no tilsaman omlag 80 prosent av aksjane i selskapet, med ein litt større andel til Hatteland-familien, ifølgje Tønseth.
Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital gjekk inn med 40 millionar kroner i Griff Aviation i 2021, og 20 nye millionar året etter.
I kapitalutvidinga i 2021 vart Griff Aviation verdsett til 250 millionar kroner. I kapitalutvidinga i 2022 var verdien sett lågare, men no er den justert opp igjen.
Bakgrunn:
Les også
Tek over rolla til grunnleggar Leif Johan Holand i droneselskap.
Griff Aviation håpar på gjennomslag for panservernrakett på drone.
Korona og krig hindra Griff Aviation frå å lette. Halsebakk-familien går inn med meir pengar.
Griff Aviation i Sykkylven har henta mer penger og jobber med salg i flere land.
Lenger tid enn venta
Vanskar med å få deler og utstyr i tide og i rett kvalitet har forseinka arbeidet med å utvikle dronane, ifølgje Tønseth.
No ventar han at dei første salskontraktane kjem i haust.
– No er vi klare til å selge, seier han.
Griff Aviation satsar både på den sivile og militære marknaden.

Ny sjef frå august
Frå 1. august har Thomas Klungsøyr vore dagleg leiar i Griff Aviation.
Klungsøyr bur i Ålesund og kjem frå stillinga som investeringsdirektør i det internasjonale investeringselskapet Abler Nordic.
Han overtok etter Svein Even Blakstad, som har gått attende til stillinga som teknisk direktør etter å leia selskapet i eit knapt år.
Griff Aviation As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 0,8 | 2,4 |
Driftsresultat | -0,5 | -0,3 |
Resultat før skatt | -2,6 | -2,7 |
Publisert: 27.08.2024 11:10
Sist oppdatert: 27.08.2024 11:10