Griff Aviation Teknologifestival juni 23 Svein Even Blakstad foto Ogne
SJEF: Teknisk sjef i Griff Aviation gjennom fleire år, Svein Even Blakstad, er ny dagleg leiar i selskapet. På biletet står Blakstad ved ei Griff Aviation-drone, påmontert rakettutskytingsrør. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Leiarskifte i Griff Aviation

Tek over rolla til grunnleggar Leif Johan Holand i droneselskap.

12.09.2023

Svein Even Blakstad går frå stillinga som teknisk sjef til dagleg leiar i droneselskapet Griff Aviation. Grunnleggar og medeigar, Leif Johan Holand, held fram som styremedlem i Sykkylven-bedrifta.

Det er ingen dramatikk i leiarskiftet, ifølgje styreleiar Tore Tønseth. Holand bur i Spania, og selskapet ønskjer å ha ein leiar som er meir til stades i Sykkylven. Dessutan er det mange tekniske spørsmål i salsprosessane, som gjer det viktig med teknisk kompetanse.

Trur på betydelege sal innan 6-12 månadar
Tønseth overtok som ny styreleiar i Griff Aviation etter Jan Emblemsvåg i august. Tønseth er investeringsdirektør i Halsebakk-familien sitt investeringsselskap Ronja Capital, som er største eigar i Griff Aviation.

Det har tatt lengre tid enn venta å få kommersielle kontraktar for dronane frå Sykkylven. Årsaka er mellom anna reiserestriksjonar under koronapandemien og forstyrringar i forsyningslinene - som først blei skapt av pandemien og deretter krigen i Ukrania.

– Det forundrar meg litt viss det ikkje er landa betydelege sal innan seks til tolv månadar, seier Tønseth.

Siktar seg inn mot militærmarknaden
Opphavleg var ideen til Griff Aviation å utvikle dronar for frakt av utstyr, og til inspeksjonsoppgåver i den sivile marknaden.

Tidlegare i år viste selskapet fram ei drone påmontert utskytingrør for panservernrakettar, og satsar no også på å vinne innpass i den militære marknaden.

Reknar med ny emisjon
I fjerde kvartal 2022 gjekk Ronja Capital inn med 20 nye millionar i ny eigenkapital i Griff Aviation.

Teknologiinvestor Jakob Hatteland gjekk inn med like mykje. Også han var medeigar frå før. Ronja Capital og Hatteland er største aksjonærar i Griff Aviation med høvesvis 34 og 23 prosent av aksjane.

Tønseth reknar med ny emisjon.

– Det er natruleg at det vil kome ein emisjon inne seks til tolv månadar, seier han.

Publisert: 12.09.2023 12:10

Sist oppdatert: 12.09.2023 23:30

Mer om