Nye naeringar utfordrar deltakarlova
NYE TANKAR: Skal bedrifter som utviklar fiskeavskjer og nye artar til lønsame produkt ta sjansen på å satse, kan nye reglar for kven som skal få eige fiskekvotar tvinge seg fram, meiner styreleiar Oddvar Bjørge i Firmenich Bjørge Biomarin.
Nytt

Nye næringar utfordrar deltakarlova

Hausting av nye artar i havet utfordrar deltakarlova, meiner styreleiar Oddvar Bjørge i Firmenich Bjørge Biomarin. 

13.06.2015
Deltakarlova avgrensar retten til fiskekvotar til såkalla aktive fiskarar, som betyr folk som faktisk driv fiske, eller fiskeriselskap som vart oppretta av fiskarar.
Alle forsøk på å endre regelverket er møtt med sterk motstand frå fiskarane sine organisasjonar, og dei unntaka frå regeleverket som er gitt til fiskeindustribedrifter er omstridt.

Men vil vi ha utvikling i utnytting av nye artar, og meir lønsemd ut av artar vi alt fiskar på, må deltakarlova revurderast, meiner styreleiar Oddvar Bjørge i Firmenich Bjørge Biomarin.

Må ha ressursar

Bjørge er styreleiar i ei bedrift som har spesialisert seg på å utnytte fiskeavskjer, og leverer mellom anna smakstilskot.
Sveitsisk-eigde Firmenich Bjørge Biomarin er ei av 19 bedrifter og fire skular/forskningsinstitusjonar i Legasea-klynga, som er organisert i eit såkalt Arena-program med base hos ÅKP i NMK-bygget ved Høgskolen i Ålesund. Til saman har bedriftene i klynga ei årleg driftsinntekt på over fem milliardar kroner.

Bransjen er kapitllkrevjande og krev mykje forsking og utvikling. Skal ei stor bedrift satse pengar i bransjen, så må den vere sikker på råvareforsyninga, meiner Bjørge. Då blir det naudsynt å sjå på deltakarlova på nytt.

Kan ende i utlandet

- Det vil presse seg fram eit ønske om å ha kvoter, eller så vil bedriftene sjå andre plassar i verda. Skal vi få hit denne industrien kan det hende vi må endre den, seier Bjørge om deltakarlova.
Han peikar på at ei endring av kvoteregelverket er aktuelt når det gjeld fiske på til dømes raudåte, ein krepseart som er sentral i økosystemnet i norske farvatn. Men det kan og vere aktuelt for fiske som er godt etablert. Det er ikkje sikkert at dagens kvoteeigarar er dei som får mest verdi ut av fisken.
- Det kan opne for at andre får ei kvote, og kanskje oppnår høgare verdi, seier han.
Det vil presse seg fram eit ønske om å ha kvoter, eller så vil bedriftene sjå andre plassar i verda

Publisert: 13.06.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44