(NPK-NTB-Mette Estep): Dei nye reglane inneber blant anna at innhaldsmerkinga på ferdig innpakka mat og drikke skal bli tydelegare og meir detaljert.
– Per i dag er det ikkje krav om slik innhaldsmerking av drikke med over 1,2 prosent alkohol. Vi jobbar for å få til dette, særleg bør folk få vite sukker-, feitt- og kaloriinnhaldet i det dei drikk.
- Svært mange er ikkje klar over kor høgt dette kan vere i vin, brennevin og øl, seier generalsekretær Bjørnar Allgot i Diabetesforbundet til NTB.
Rusfeltets samarbeidsorgan Actis og Diabetesforbundet . .
Det er vanskeleg å finne gode argument for at folk skal ha informasjon om kor mykje sukker eit glas mjølk inneheld, men ikkje vin eller øl.
Målet er å gjere det enklare for forbrukarane å vite kva maten inneheld, slik at ein skal kunne ta gode val basert på god informasjon.
Diabetesforbundet peiker på at det også er svært viktig for mange å ha oversikt over sukkerinnhaldet i det dei et og drikk på utestader eller kjøper i kiosk eller over disk.
– Vi syns det er ein forbrukarrett å få vite kva du får i deg når du et og drikk. For dei med diabetes og alle dei som prøver å unngå å utvikle det, er det spesielt viktig å vite sukkerinnhaldet, seier Allgot.
Diabetesforbundet har utarbeidd lister over vin med lågt sukkerinnhald og har også oppskrifter med nøyaktig utrekna innhald av kaloriar, feitt, protein og karbohydrat:
– Vi er veldig opptekne av matmerking, at ho er nøyaktig og forståeleg, og dei nye reglane er steg i rett retning.
– Vi har stor tru på for eksempel symbolmerking av mat på menyar på etestadar og utsal. Det fungerer på alle språk, uavhengig av kultur og bakgrunn, seier Allgot.
Om det blir innført, avheng av fleire faktorar, ikkje minste innstillinga i bransjen, men Allgot minner om at forbrukarar har stor makt.
– Berre dei siste fem til ti åra har industrien vorte påverka til å lage sunnare versjonar av matvarer eller byte ut ingrediensar. Samtidig bør det vere politisk semje om at det å styrke kunnskapen til den enkelte rundt eigne val leier til ein forbrukarkunnskap som gagnar samfunnet.Dersom du flytter heile den norske befolkninga i berre litt sunnare retning vil du få ein enorm samla folkehelsegevinst, særlig på sikt, seier Allgot. (©NPK)
– Per i dag er det ikkje krav om slik innhaldsmerking av drikke med over 1,2 prosent alkohol. Vi jobbar for å få til dette, særleg bør folk få vite sukker-, feitt- og kaloriinnhaldet i det dei drikk.
- Svært mange er ikkje klar over kor høgt dette kan vere i vin, brennevin og øl, seier generalsekretær Bjørnar Allgot i Diabetesforbundet til NTB.
Rusfeltets samarbeidsorgan Actis og Diabetesforbundet . .
Det er vanskeleg å finne gode argument for at folk skal ha informasjon om kor mykje sukker eit glas mjølk inneheld, men ikkje vin eller øl.
Kor mykje sukker
Den største endringa i merkingsreglane no er krav om skriftleg oversikt over allergena i all mat som blir selt på serveringsstader og over disk. Dette betyr at kjøpar skal kunne sjå om maten inneheld for eksempel mjølk, soya eller gluten.Målet er å gjere det enklare for forbrukarane å vite kva maten inneheld, slik at ein skal kunne ta gode val basert på god informasjon.
Diabetesforbundet peiker på at det også er svært viktig for mange å ha oversikt over sukkerinnhaldet i det dei et og drikk på utestader eller kjøper i kiosk eller over disk.
– Vi syns det er ein forbrukarrett å få vite kva du får i deg når du et og drikk. For dei med diabetes og alle dei som prøver å unngå å utvikle det, er det spesielt viktig å vite sukkerinnhaldet, seier Allgot.
Diabetesforbundet har utarbeidd lister over vin med lågt sukkerinnhald og har også oppskrifter med nøyaktig utrekna innhald av kaloriar, feitt, protein og karbohydrat:
– Vi er veldig opptekne av matmerking, at ho er nøyaktig og forståeleg, og dei nye reglane er steg i rett retning.
Symbol
Fleire av dei i verda har allereie menyar med detaljerte oversikter over næringsinnhald i alle rettar, inkludert feittypar, sukkerartar og kalorimengde. Allgot meiner eit så høgt detaljnivå berre er nødvendig for nokre grupper, men håpar på fleire krav om merking i Noreg:– Vi har stor tru på for eksempel symbolmerking av mat på menyar på etestadar og utsal. Det fungerer på alle språk, uavhengig av kultur og bakgrunn, seier Allgot.
Om det blir innført, avheng av fleire faktorar, ikkje minste innstillinga i bransjen, men Allgot minner om at forbrukarar har stor makt.
– Berre dei siste fem til ti åra har industrien vorte påverka til å lage sunnare versjonar av matvarer eller byte ut ingrediensar. Samtidig bør det vere politisk semje om at det å styrke kunnskapen til den enkelte rundt eigne val leier til ein forbrukarkunnskap som gagnar samfunnet.Dersom du flytter heile den norske befolkninga i berre litt sunnare retning vil du få ein enorm samla folkehelsegevinst, særlig på sikt, seier Allgot. (©NPK)
Vi syns det er ein forbrukarrett å få vite kva du får i deg når du et og drikk
Publisert: 11.12.2014 18:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39