I løpet av dei siste åra har Haugesund-baserte Reach Subsea sprengt fleire grenser for korleis ein kan utføre ulike operasjonar til sjøs i offshoremarknaden.
Ved hjelp av dei nyskapande Reach Remote-fartøya har dei bevist korleis det er mogleg å operere med langt mindre fartøy enn vanleg – og utan mannskap om bord.
Prosjektleiar Bjørg Mathisen Døving frå selskapet er overtydd om at dei vil halde fram med å flytte grensene.
– Vi har fått veldig mykje merksemd internasjonalt og vunne fleire prisar. Målet er å skalere opp og vi har allereie fleire båtar på teiknebrettet, fortalde prosjektleiaren då ho deltok på Ship Technology Days i Ulsteinvik onsdag.

Skal inspisere røyrleidningar
Døving fortel at ho venta at det mest vanskelege skulle vere å få båten til å segle slik dei ønska – men det gjekk knirkefritt.
– Den klarte å segle fjernstyrt frå første tur til sjøs, seier ho til Nett No.
Meir frå Ship Technology Days:
I gang med nytt KI-senter: – Håpar at dokke blir med
Vil ha flåte med dronar for å leite etter krill
I løpet av kort tid skal den første Reach Remote-båten ut i det som blir den første verkelege prøva for konseptet.
– Vi skal inspisere kring 3.500 kilometer med røyrleidningar langs kysten. Det er noko som blir gjort regelmessig, men då med konvensjonelle skip. Dette blir ein eldprøve for bruk av denne typen teknologi, seier Døving.
Kontrakta er inngått med Equinor på vegner av Gassco, kunne selskapet melde til børsen nyleg.

Første løyve i verda til fjernstyrte operasjonar
Regelverket har vore ei av dei store utfordringane i arbeidet. Døving legg ikkje skjul på at det har vore ein tung prosess.
Denne veka kunne dei markere ein milepåle då Reach Remote I blei det første ubemanna fartøyet i verda i denne storleiken, som fekk fartssertifikat for fjernstyrte operasjonar.
– Det gir båten moglegheit til å operere kommersielt, og er noko vi har jobba mot lenge, seier Døving.

I løpet av den siste tida har Reach Remote II operert i Australia, og sett fleire milepålar. Mellom anna har ROV-en – den fjernstyrte undervassfarkosten – som båten er utstyrt med, vore neddykka i heile 22 dagar.
– Det trur vi er verdsrekord, legg prosjektleiaren til.
Det er marknaden som vil styre kva båtar og storleik vi satsar på vidare
Har tinga fleire båtar
Etter god erfaring med dei første Reach Remote-fartøya, tinga selskapet i haust ytterlegare to båtar av same type som skal leverast i 2027.
Ut frå mottakinga frå kundane, trur Døving at det blir fleire. Men det er ikkje sikkert at dei vil bli heilt like fartøya som er bestilt så langt.
– Det er marknaden som vil styre kva båtar og storleik vi satsar på vidare, seier ho.
Lågare utslepp og mindre ressursar
Utgangspunktet for arbeidet med Reach Remote-båtane var at dei skulle fungere som base for undervassfarkostar.
Kongsberg Maritime på Sunnmøre har stått for designet med Erik Leenders som sjefdesignar. Dei starta jobben kring sju år før det første fartøyet blei sjøsett.
Kring 90 prosent reduserte CO2-utslepp er mellom fordelane med fartøya. I tillegg trengst det mindre ressursar, ettersom ein ikkje treng mannskap om bord.
Døving påpeikar at det også gir meir effektiv bruk av personell med spesialkunnskap, som kan jobbe frå land – samtidig som ein slepp risikoen ved å vere til sjøs.
Publisert: 05.03.2026 09:42
Sist oppdatert: 05.03.2026 14:35






