Øye er sjef for Hotel Union Øye i Norangsdalen og måtte i fjor takle ein sesong der utlendingane svikta, og nordmenn strøymde til. Haugen er dagleg leiar og medeigar i GRS Riflestock, som har hatt vekst og nådd ut i heile verda etter omlegging frå underleverandør i møbelindustrien til produsent av geværskjefte. Som sjef for Kleven Verft har Bollestad vore gjennom ein opprivande konkurs og ei omlegging frå å bygge skip til å hogge dei opp.
På Leiarkonferansen skal dei saman dele sine erfaringar med å gjere store endringar i kva eit selskap skal jobbe med.
500 i salen
Leiarkonferansen er ein leiarkonferanse som i haust blir arrangert for andre år på rad. Målet er å etablere den som den største leiarkonferansen mellom Bergen og Trondheim og trekke til seg deltakarar frå heile landet.
I år er tema for konferansen "Rethinking business" (sjølve konferansen er i hovudsak på norsk). Det fulle namnet på konferansen er Leiarkonferansen Rethinking Business.
Les også
Fjorårets konferanse vart arrangert som ein kombinert og nettbasert konferanse på grunn av smitterverntiltak, i samarbeid med arrangementet til samarbeidspartnaren Oslo Business Forum, med avgrensa plassar i salen i kulturhuset i Ulsteinvik.
Samarbeidet varer ved, men i år blir det ein sjølvstendig og eigen konferanse i Ulsteinvik.
I år satsar arrangøren på at alle er fullvaksinerte før arrangementet i oktober, og at alle 500 plassane i salen blir fulle.
TV-stjerne
Berre tre av foredragshaldarane i år skal vere med på skjerm, næringslivsreporter Richard Quest i CNN, leiar for World Economic Forum Børge Brende og Schibsted-direktør og tidlegare NHO-toppsjef Kristin Skogen Lund.
Dei skal ikkje vere med i opptak, men i direkte sending der dei kan få respons og spørsmål frå konferansedeltakarane i salen.
Resten av foredragshaldarane skal vere på scena.
Det er Ulstein Business Forum som er arrangør, med Sparebanken Møre som hovudsponsor. Ulstein Business Forum er ein del av Ulstein Næringsforum.
Publisert: 05.07.2021 13:19
Sist oppdatert: 05.07.2021 13:29