Nytt
– Vi manglar ein tydeleg næringslivspolitikk
Tore Ulstein er ikkje imponert over kriseforståinga hos politikarane. Stortingsrepresentant frå Høgre oppmodar næringslivet til å påverke.
Marius Rosbach
24.09.2020
Torsdag går konferansen «The New Normal» av stabelen i Ulsteinvik. Arrangementet skjer i samarbeid med Oslo Business Forum, med innslag både frå scena ved Sjøborg Kulturhus, studio i Oslo og strøyma via nettet.
Tore Ulstein var mellom dei første på scena i samtale med konferansier Ole Rolfsrud. Den avtroppande visekonsernsjefen i Ulstein Group var klar på at den maritime industrien for augneblinken har behov for hjelp.
– Eg opplever at vi manglar ein tydeleg næringslivspolitikk, og politikarar som veit kva samfunnsbygging er for noko, sa Ulstein.
Han var ikkje så sikker på om Norge ville sikra seg den posisjonen landet fekk i starten av oljealderen, med dagens politikarar ved roret. I dag står næringslivet midt i ei ny omstilling, der olje- og gassinntektene vil gå ned. I den situasjonen er det peika på at den maritime industrien kan vere avgjerande.
– Problemet kan vere at vi mistar ei næring som Norge treng for å klare dei grøne skiftet, og at det er ein prosess som er irreversibel, sa Ulstein.
– Vi har møtt både næringsminister og statsminister, og får sagt kva vi meiner - men opplever at vi ikkje får noko særleg tilbake. Sjølv om vi er vande med å klare oss sjølv, så trur eg vi treng litt meir hjelp, la han til.
Ulstein påpeika at regionen var meir sårbar enn tidlegare etter at det er tapt fleire titals milliardar i eigenkapital i den maritime næringa dei siste åra.
– Det er sinnsvakt mykje pengar når ein tenkjer på kor mykje ein må jobbe for å reise ein slik kapital igjen, sa han.
Trass store endringar og ei verd som kan verke uoversiktleg, meiner ho at dei fleste kan påverke kvardagen sin langt meir enn dei kanskje er klar over.
– Om dei i salen som er leiarar aldri har forsøkt å påverke ein politikar, så har dokke ikkje gjort jobben, sa ho og oppmoda folk i næringslivet til å ta kontakt med politikarar om dei har ei sak dei brenn for.
– Dei aller fleste eg snakkar med, er heilt vanlege folk, sa Westgaard-Halle.
Politisk trekte ho fram følgjande utviklingstrekk som var aktuelle: Klimautfordringar, ein oljealder på hell, polarisering og «faktaresistens», digitalisering og mindre reising – samtidig som globaliseringa held fram.
– Tenkt dokke då vi fann olje, og kva det gjorde med nasjonen – og ikkje minst denne regionen. Den nye normalen etter det, tek vi for gitt i dag, sa Westgaard-Halle.
Ho trekte fram at kring halvparten av dei i salen hadde vore med på både oljefunn og ei rivande teknologisk utvikling, medan mykje av dette blei teke for gitt i dag.
Austlandspolitikaren påpeika samtidig at næringsiivet på Nordvestlandet har ein heilt anna innstilling enn ho var vande med frå heimtraktene. Difor hadde ho stor tru på at nettopp denne landsdelen ville lukkast godt i den «nye normalen», som er tema for konferansen.
– Vi har klart ganske mykje før også – så eg har trua, la Halle til.
(ekstern lenke)
Tore Ulstein var mellom dei første på scena i samtale med konferansier Ole Rolfsrud. Den avtroppande visekonsernsjefen i Ulstein Group var klar på at den maritime industrien for augneblinken har behov for hjelp.
– Eg opplever at vi manglar ein tydeleg næringslivspolitikk, og politikarar som veit kva samfunnsbygging er for noko, sa Ulstein.
Han var ikkje så sikker på om Norge ville sikra seg den posisjonen landet fekk i starten av oljealderen, med dagens politikarar ved roret. I dag står næringslivet midt i ei ny omstilling, der olje- og gassinntektene vil gå ned. I den situasjonen er det peika på at den maritime industrien kan vere avgjerande.
– Problemet kan vere at vi mistar ei næring som Norge treng for å klare dei grøne skiftet, og at det er ein prosess som er irreversibel, sa Ulstein.
Meiner regionen er meir sårbar enn før
Ulstein rosa utvidinga av permisjonstida, men meinte at den maritime industrien elles hadde fått lite hjelp frå styresmaktene.– Vi har møtt både næringsminister og statsminister, og får sagt kva vi meiner - men opplever at vi ikkje får noko særleg tilbake. Sjølv om vi er vande med å klare oss sjølv, så trur eg vi treng litt meir hjelp, la han til.
Ulstein påpeika at regionen var meir sårbar enn tidlegare etter at det er tapt fleire titals milliardar i eigenkapital i den maritime næringa dei siste åra.
– Det er sinnsvakt mykje pengar når ein tenkjer på kor mykje ein må jobbe for å reise ein slik kapital igjen, sa han.
Les også:
Stortingspolitikar oppmoda til påverknad
Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) hadde fått oppgåva med å innleie ved å snakke om framtidas utfordringar.Trass store endringar og ei verd som kan verke uoversiktleg, meiner ho at dei fleste kan påverke kvardagen sin langt meir enn dei kanskje er klar over.
– Om dei i salen som er leiarar aldri har forsøkt å påverke ein politikar, så har dokke ikkje gjort jobben, sa ho og oppmoda folk i næringslivet til å ta kontakt med politikarar om dei har ei sak dei brenn for.
– Dei aller fleste eg snakkar med, er heilt vanlege folk, sa Westgaard-Halle.
Politisk trekte ho fram følgjande utviklingstrekk som var aktuelle: Klimautfordringar, ein oljealder på hell, polarisering og «faktaresistens», digitalisering og mindre reising – samtidig som globaliseringa held fram.
Har tru på Nordvestlandet
Høgrepolitikaren påpeika at endringar har gått føre seg til alle tider, men at det kjenst ut som dei utfordringane vi balar med i notida, gjerne opplevast som meir dramatiske enn dei som har vore.– Tenkt dokke då vi fann olje, og kva det gjorde med nasjonen – og ikkje minst denne regionen. Den nye normalen etter det, tek vi for gitt i dag, sa Westgaard-Halle.
Ho trekte fram at kring halvparten av dei i salen hadde vore med på både oljefunn og ei rivande teknologisk utvikling, medan mykje av dette blei teke for gitt i dag.
Austlandspolitikaren påpeika samtidig at næringsiivet på Nordvestlandet har ein heilt anna innstilling enn ho var vande med frå heimtraktene. Difor hadde ho stor tru på at nettopp denne landsdelen ville lukkast godt i den «nye normalen», som er tema for konferansen.
– Vi har klart ganske mykje før også – så eg har trua, la Halle til.
Meir frå konferansen:
(ekstern lenke)
Eg opplever at vi manglar ein tydeleg næringslivspolitikk, og politikarar som veit kva samfunnsbygging er for noko
Publisert: 24.09.2020 22:39
Sist oppdatert: 05.07.2021 11:02