Knut flakk energy observer 11
OPP OG NED: Knut Flakk er stor aksjonær og styreleiar i Hexagon Composites, som er årets børsvinnar i nordvest. Han er og direkte og indirekte medeigar i Hexagon Purus, som har falle 46 prosent. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt minusår på børsen for Nordvestlandet

For tredje år på rad krympa verdien av dei børsnoterte selskapa i regionen.

29.12.2023

Hexagon Composites blei årets og dagens børsvinnar på Nordvestlandet, med ein kursauke på 37,69 prosent i løpet av 2022 og ein kursauke på 3,14 prosent i dag.

Selskapet lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Dei er óg største aksjonær i Hexagon Purus, som lagar tilsvarande produkt for hydrogen. For Hexagon Purus blei året ein nedtur på børsen, med eit kursfall på over 46 prosent.

Hovudkontora til begge selskapa har adresse i Ålesund. Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites, og og han og familien eig 12,85 prosent i Hexagon Composites gjennom fire ulike selskap.

Kursauke har også industri- og ingeniørselskapet Endúr - som mellom anna omfattar Artec Aqua i Ålesund, offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services, skipsdesign- og utstyrsprodusent Hav Group og industriselskapet Eqva (tidlegare Havyard Group).

Fall tre milliardar
Den samla verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet fall med tre milliardar kroner i 2023.

Då er også verdien av mobiltelefonselskapet Nortel rekna med. Nortel vart seld til konkurrenten Unifon for 517 millionar kroner i 2023.

Det er eit fall på 9,8 prosent. Hovudindeksen på Oslo Børs er opp 9,89 prosent i år.

Mindre fall enn i 2022 og 2021
2023 er tredje år på rad med verdifall for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet, men eit mindre fall enn i 2022 og 2021.

I 2022 var verdifallet 6,1 milliardar kroner. Det var ein nedgang på 17 prosent. Hovudindeksen på Oslo Børs fall til samanlikning 1,03 prosent i 2022.

2021 var eit verre børsår enn 2022 for selskapa på Nordvestlandet. Børsverdiar for 21 milliardar blei borte i løpet av 2021, og verdifallet var på 38 prosent. Hovudindeksen steig 20 prosent i 2021.

HEXAGON COMPOSITES quote chart 1
Kursutvikling for Hexagon Composites i 2023. Grafikk: Oslo Børs

10 selskap i minus
10 selskap frå Nordvestlandet enda med nedgang i aksjekursen i år.

Aller verst gjekk det med Havila Kystruten, som fall over 90 prosent. I løpet av året fekk selskapet alle sine fire skip i drift. Men reiarlaget måtte også gjennomføre ei kapitalutviding på 758,7 millionar kroner i sommar, og ein påfølgande reparasjonsemisjon på 22,6 millionar kroner. Kapitalutvidinga er hovudårsaka til at kursfallet blei så stort som det blei.

I fjor var offshorereiarlaget Havila Shipping børsvinnar i nordvest, med ein kursauke på nesten 200 prosent.

I år har selskapet falle over 50 prosent. Ei årsak er truleg at långivarar brukte retten sin til å kreve sal av tre fartøy. Havila Shipping gjekk dermed glipp av forventa komande inntekter og verdistiging på fartøya. Refinansieringsavtalen frå 2020 sikra långivarane rett til å kreve sal, og det gjorde dei - mot reiarlaget sin vilje.

HAVILA KYSTRUTEN quote chart 1
Kursutvikling for Havila Kystruten i 2023. Grafikk: Oslo Børs

Færre selskap
I løpet av 2023 har Nortel blitt kjøpt og tatt av børs. Statt Torsk er i ferd med å slå seg saman med Vesterålen Havbruk, og har nyleg sendt søknad om å bli stroke frå notering på børsen.

Eqva, tidlegare Havyard, vedtok på ei ekstraordinær generalforsamling i romjula at hovudkontoret skal flyttast frå Fosnavåg til Kvinnherad. Selskapet selde tidlegare i år skipverftet Havyard Leirvik og all verksemda til selskapet er no i Sunnhordland og Bergen-området.

Utan hovudkontoret i regionen har ikkje selskapet lengre noko tilknytning til Nordvestlandet - og NETT NO kjem til å ta selskapet ut av lista over børsnoterte selskap i vår dekning.

Vi skal ikkje så mange år attende før både skipsbyggingskonsernet Vard, møbelprodusenten Ekornes og Fjord1 var børsnoterte selskap - Vard i Singapore, Ekornes og Fjord1 i Oslo.

Men i åra 2020-2021 fekk Nordvestlandet fleire nye selskap på børsen; Hexagon Purus (2020), Salmon Evolution (2020), Romsdal Sparebank (2020), Nortel (2020) Havila Kystruten (2021), Norva 24 (2021), Statt Torsk (2021), Arctic Bioscience (2021) og Hav Group (2021).

Børsåret
Kurs i kroner Høgaste kurs i 2023 Lågaste kurs i 2023 Børsverdi i mill. Kroner %-endring i 2023
Hexagon Composites 28,88 38,56 19,29 5823 37,69
Golden Energy Offshore Services 1,41 1,78 0,82 707 11,90
Hav Group 9,30 14,48 8,1 326 9,41
Endúr 38,00 49,98 26,01 1379 8,73
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,01 3,89 2,26 217 2,38
Sparebanken Møre 84,00 88,88 74,25 4153 -0,49
Arctic Bioscience 10,50 14,75 7,45 266 -10,02
Salmon Evolution 6,78 9,04 5,81 2815 -17,78
Hofseth Biocare 2,62 3,95 2,3 1035 -20,36
Norva 24 Group* 23,80 36,00 17,8 4348 -29,08
Hexagon Purus 11,14 36,00 8,53 3084 -46,18
Havila Shipping 5,39 24,7 4,92 128 -56,46
Statt Torsk 0,72 1,89 0,7 153 -57,52
Atlantic Sapphire 1,61 11,11 1,14 1286 -78,33
Havila Kystruten 0,74 11,5 0,73 625 -93,27
SUM 26345
*I svenske kroner
Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Composites 28,88 3,14 %
Endúr 38,00 1,88 %
Arctic Bioscience 10,50 3,96 %
Salmon Evolution 6,78 0,44 %
Golden Energy Offshore Services 1,41 0,71 %
Sparebanken Møre 84,00 0,00 %
Hexagon Purus 11,14 -0,18 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,01 -0,33 %
Havila Shipping 5,39 -0,55 %
Norva 24 Group* 23,80 -0,63 %
Hav Group 9,30 -0,64 %
Havila Kystruten 0,74 0,00 %
Atlantic Sapphire 1,61 -1,95 %
Hofseth Biocare 2,62 -4,03 %
Statt Torsk 0,72 -3,74 %
* Kurs i SEK

Publisert: 29.12.2023 17:15

Sist oppdatert: 29.12.2023 17:14