Koko Stine Elisabeth Goksøyr Øyvind Rekkedal Foto Ko Ko
FAMILIEBEDRIFT: Stine Elisabeth Goksøyr er eigar og grunnleggar og mannen Øyvind Rekkedal er dagleg leiar i Ko&Ko. Kvar veke blir hundrevis av kjoleordrar sendt frå Fosnavåg. Foto: Ko&Ko
Nytt

Nytt superår for kjolesuksessen

Vekst innomlands gjorde at både sal, overskot og utbyte auka for Ko&Ko.

Marius Rosbach
24.07.2022

Pilane heldt fram med å peike oppover for Ko&Ko i Herøy i fjor. Det viser årsrapporten som nyleg vart offentleg.

Kjoleprodusenten fekk eit nytt rekordår med meir enn 26 millionar i omsetning. Lønnsemda heldt seg på det gode nivået frå året før – og overskotet auka litt (sjå tabell under).

– Den største auken ligg i Norge. Av utlandet, så er Sverige, Danmark og Finland dei største marknadene, opplyser eigar Stine Elisabeth Goksøyr til NETT NO.

Då koronapandemien slo til i 2020, var det salet til utlandet som auka mest.

Det gjorde at bedrifta det året kom opp i ein eksportandel på 40 prosent. I fjor gjekk den altså litt ned.

Ko&Ko As
Tal i mill. kroner2021
2010
Driftsinntekt
26,8
23,6
Driftsresultat
4,3
4,1
Resultat før skatt

4,2

3,7

Tre årsverk i fjor
Ko&Ko sel kjolane sine først og fremst gjennom nettbutikken.

Eineeigar er Stine Elisabeth Goksøyr og verksemda hadde tre årsverk i fjor.

Dei har lager, distribusjonsentral og administrasjon på Mjølstadneset. Her blir kjolane designa, før dei blir produsert i utlandet og sendt til kundane frå Fosnavåg.

Auka utbyte
Etter det gode fjorårsresultatet aukar utbyte til 1,5 millionar kroner.

Om lag 1,8 millionar blir overført eigenkapitalen, som samla er på 6,1 millionar. Gjelda er på drygt fem millionar.

For eit år sidan tok gründeren grep og oppretta Ko&Ko Invest, for å skilje drift og eigedom. Dette selskapet eig bygget på Mjølstadneset frå 2018.

Publisert: 24.07.2022 18:28

Sist oppdatert: 16.07.2023 23:57

Mer om