Loen active via ferrata 11 foto sverre hjørnevik
SUPERLØNNSOMT: Drifta med guiding og aktivitetar i Loen Active-selskapet har svært god lønnsemd, med ein resultatmargin på kring 50 prosent. Turar med Via Ferrata-ruta opp fjellet utgjer størstedelen av innektene. Foto: Sverre Hjørnevik/Loen Active
Nytt

Nytt toppår for reiselivssatsing

Gondolbane og Via Ferrata-turar er superlønnsom butikk.

Marius Rosbach
18.07.2022

Reiselivssatsinga til Hotel Alexandra-konsernet i Loen har hausta svært godt av seg sidan Loen Skylift opna gondoldørene for fem år sidan.

Trass i at koronapandemien har skapt sine utfordringar for det familieegide Stryn-konsernet, har dei økonomiske resultata vore betre enn nokon gong.

Rekneskapa for 2021 viser eit nytt toppår både for gondolbana, guide- og aktivitetsselskapet Loen Active og Hoven restaurant. Også Loenfjord-hotellet hadde eit godt år, medan rekneskapen for det største selskapet i konsernet – Hotel Alexandra – ikkje er offentleg enno.

(saka held fram under)

Loen skylift gondolbane 2022 foto marius 11
BIKKA 50 MILLIONAR: Satsinga på gondolbana Loen Skylift har vore ein suksess for konsernet der familien Grov er majoritetseigar. Nede i bygda ligg Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord, som saman med cruiseturismen, gir besøkande til attraksjonen. Foto: Marius Rosbach

Gondolen bikka 50 millionar
At det vart nytt rekordår for Loen Skylift i fjor, kunne dagleg leiar Richard Grov avsløre allereie i mai, då gondolbana feira fem år i bransjen.

Rekneskapstala viser at Loen Skylift for første gong bikka 50 millionar i inntekter etter det som er omtalt som rekordbra besøk. 2021 enda med eit resultat før skatt på 15,2 millionar kroner, det nest største overskotet sidan oppstarten i 2017.

– Vi trur 2022 vil bli eit nytt annleis år. Det er lurt å hugse på at marknadene rundt oss framleis ikkje er på normalen, sa Grov til NETT NO ved starten av sommaren.

Etter eit par år utan utbyte, blir det teke ut 2,9 millionar kroner frå Loen Skylift-selskapet. Resten av overskotet blir lagt til eigenkapitalen som er oppe i knappe 175 millionar kroner ved utløpet av 2021. Langsiktig gjeld er på 157 millioner kroner.
Loen Skylift
Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
50,1
47,1
Driftsresultat
18,6
19,7
Resultat før skatt
15,2
12,8
(saka held fram under)
Loen skylift turstiar foto loen skylift 11
TURSTIAR: På toppen av Hoven er det laga til turstiar som kan vere utgangspunkt for lengre turar til fjells. Foto: Loen Skylift

Skyhøg resultatmargin på aktivitetar
Omsetninga i guide- og aktivitetsselskapet Loen Active-selskapet gjorde eit kraftig hopp i 2020, då inntektene blei dobla. I fjor gjekk inntektene vidare opp til 21,7 millioner kroner (sjå tabell under).

Hovuddelen av inntektene kjem frå turar, utstyrsutleige og guiding i Via Ferrata-ruta. Meir inntektene frå besøkande som vil klatre til topps på fjellet Hoven er også hovudårsaka til auka omsetning.

Lønnsemda i denne delen av verksemda er enno betre enn for gondolbana. Eit resultat før skatt på 10,3, gir ein en skyhøg resultatmargin på nær 50 prosent.

Loen Active

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
21,7
18,4
Driftsresultat
10,3
9,2
Resultat før skatt
10,3
9,1

(saka held fram under)

Loen skylift hoven restaurant konsert madrugada 11
FEIRA MED KONSERT: I mai feira Loen Skylift fem års drift med Madrugada-konsert på taket av restaurant Hoven. Foto: Marius Rosbach

Nytt toppår for restaurantdrift
Drifta av restaurant Hoven på toppen av fjellet Hoven, kan også notere seg for eit nytt toppår med ei omsetning på 21,4 millionar (sjå tabell under).

Eit resultat før skatt på 1,9 millioner, er langt lågare enn for dei gondol- og aktivitetsselskapet. Ein resultatmargin på nær ti prosent, er likevel solid for ei serveringsverksemd.

Samla sysselsetter restaurant, guide og aktivitetsselskapet og gondolbana knappe 40 årsverk.

Hoven Restaurant
Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
21,4
17,2
Driftsresultat
2,1
2,5
Resultat før skatt
1,9
2,2

Solid lønnsemd for Loenfjord-hotell
2021-rekneskapen for Hotel Loenfjord viser eit betre resultat enn året før. Eit resultat før skatt på knappe 2,4 millionar gir ein resultatmargin på kring 20 prosent, som er god lønnsemd i hotellbransjen.

Omsetninga er framleis betydeleg under nivået før pandemien slo til i 2020, då den svinga rundt 20 millionar. I fjor stoppa inntektene på 12,2 millionar for Loenfjord-hotellet (sjå tabell under).

Hotel Loenfjord

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
15,6
12,2
Driftsresultat
3,1
2,4
Resultat før skatt
2,5
1,7

Publisert: 18.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 17.07.2022 20:35

Mer om