Lovende sildetokt
FISKA MEIR ENN FORSKINGSRÅD: Makrell, NVG-sild (bilde) og kolmule er vorte fiska langt over dei vitskapslege råda som blir gitt av det internasjonale havforskingsrådet (ICES) dei siste åra..
Nytt

Nær 30 prosent overfiske i Nordaust-Atlanteren

Fleire artar blir fangsta langt over internasjonale vitskapslege råd.

NPK
17.10.2022

Nær 30 prosent av dei kommersielle fiskebestandane i Nordaust-Atlanteren er overfiskaID: 1802491

(NPK): Overfisket kjem hovudsakleg av ein forverra bestandssituasjon for enkelte bestandar av atlantisk villaks, tobis, torsk, lysing og hyse, går det fram av gransking.

I 2019 vart 35,4 prosent av alle dei kommersielt og datatilgjengelege fiskebestandar i verda overfiska.

Stor auke i Nordaust-Atlanteren
Den fjerde største auken i overfiske av totalt femten havområde frå 2017, finn vi i Nordaust-Atlanteren. Her vart 27,3 prosent av dei kommersielle fiskebestandane overfiska i 2019, som er ein auke på 6,6 prosent frå 2017. Dette kjem fram i den årlege rapporten til Verdens Matvareorganisasjon, FAO, om statusen i dei globale fiskeria.

– Viss vi framleis ønskjer å vere eit av dei mest produktive fiskeriområda i verda og verdsmeistrar i fiskeriforvaltning, må Nord-Atlanteren klare å setje presedens for resten av verda, seier Gisli Gislason, programdirektør for MSC Nord-Atlanteren.

Sild og makrell neste?
På 1960-talet opplevde fiskarane i Nordaust-Atlanteren ein total bestandkollaps av norsk vårgytande sild og ein sterkt redusert bestandssituasjon for makrell. Effektive forvaltningstiltak frå politisk hald lykkast med å byggje bestandane til eit berekraftig nivå, etter to tiår.

Dei siste åra har likevel makrell, NVG-sild og kolmule vorte fiska langt over dei vitskapslege råda som blir gitt av det internasjonale havforskingsrådet (ICES), og dei nærmar seg kritiske nivå for berekraftig uttak.

– Nye tal frå den største forbrukarundersøkinga i verda knytt til berekraftig sjømat, Globe Scan, viser at 49 prosent av norske forbrukarar er bekymra for konsekvensane av overfiske. Heile 67 prosent meiner at vi må velje fisk og sjømat frå berekraftige kjelder for å bevare hava våre, seier Johan Frøstrup i MSC i ei pressemelding.

Bør kome til einigheit
Bestandane blir i dag delte av Noreg, EU, Island, Russland, Færøyane, Grønland og Storbritannia. Dei årslege kyststatsforhandlingane går no føre seg.

Einigheit om kvotefordeling er truleg det viktigaste tiltaket for å bremse utviklinga av overfiske i Nord-aust Atlanteren.

(©NPK)

Publisert: 17.10.2022 15:31

Sist oppdatert: 17.10.2022 15:37

Mer om