Molvær Riise IKKE GJENBRUK FOTO NPK
MØRE-DUO: Monica Molvær og Anders Riise frå Møre og Romsdal Høgre under landsmøtet i partiet på Gardermoen fredag. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Nytt

Nøgd med nei-vedtak til lakseskatt

Monica Molvær med første av mange kritiske innlegg på landsmøte.

25.03.2023

(NPK-NTB): Debatten på Høgres landsmøte vart opna med ei lang rekkje innlegg frå fortvila Høgre-politikarar i Kyst-Noreg. No ender partiet truleg på deira linje.

– Sjokket etter 28. september har ikkje lagt seg, sa Monica Molvær i innlegget sitt til Høgres landsmøte. Ho er ordførarkandidat for partiet i Ålesund og leiar i fylkeslaget i Møre og Romsdal.

Ho heldt det første av mange innlegg til støtte for at Høgre skal ta ei hardare linje mot regjeringsforslaget til grunnrenteskatt på havbruket – den såkalla lakseskatten.

Uroa for utanlandske investeringar
Saka har vorte ei av dei varmaste potetene på eit elles fredeleg Høgre-landsmøte. Molvær har vore ein av dei tydelegaste talspersonane for Høgre-lag langs heile kysten. Ho fortel om stans i investeringane og fare for tusenvis av arbeidsplassar.

– No forsvinn også utanlandske investorar. Dei vurderer oss på lik linje med Romania og seier Noreg er risikabelt å investere i, seier ordførarkandidaten.

Avviser regjeringa sitt forslag til lakseskatt
Ein av resolusjonane Høgres landsmøte no skal behandle, inneheld formuleringar om at ein skal ha eit konkurransedyktig og stabilt skattesystem for havbruksnæringa. I tillegg går ho inn for å greie ut produksjonsavgifta.

Viktigast for mostandarane av grunnrenteskatten, er likevel denne formuleringa:

«Høgre vil avvise regjeringas forslag om grunnrenteskatt på havbruk som er sendt på høyring».

– Viser at det nyttar at kysten står saman
Molvær seier at ho er fornøgd med teksta i resolusjonen.

– Ja, eit slikt gjennomslag viser at det nyttar at kysten står saman om viktige saker for distrikta. Eg er veldig glad for at Høgre ser alvoret næringslivet står i og seier tydeleg nei til den foreslåtte grunnrenteskatten til regjeringa, skriv ho i ei tekstmelding til NTB.

Resolusjonen blir behandla laurdag formiddag.

(©NPK)

Publisert: 25.03.2023 00:44

Sist oppdatert: 25.03.2023 00:45

Mer om