Evotec Geir Henning Kalvatn Nikolay Sundgot foto marius
MEIR Å GJERE I OFFSHORE: Geir Henning Kalvatn som er salssjef for offshore vind og Nikolay Sundgot som er salssjef for ettermarknad hos Evotec, fortel at offshorebølgja held fram for selskapet. Her i produksjonshallen i Ulsteinvik.
Nytt

Offshore-bølgja held fram for Evotec

Har rekordhøg ordrereserve og siktar mot ei omsetning på ein halv milliard i år.

Marius Rosbach
29.04.2025

Evotec opplever framleis vekst - ikkje minst i offshoremarknaden. 

Med ein ordrereserve på kring 600 millionar, meiner Evotec-sjef Jogeir Romestrand selskapet skal nå 500 millionar i omsetning i 2025. 

Fjorårets rekneskap er ikkje offentleg enno, men han kan fortelje at dei enda opp kring 375 millionar – opp kring 25 millionar frå året før. 

– Vi har lagt bak oss nokre år med sterk vekst, og no veks vi vidare. Og vi har heile tida tent pengar, seier han. 

Jogeir Romestrand Evotec foto Marius
REKORDHØG ORDRERESERVE: Evotec-sjef Jogeir Romestrand fortel om rekordhøg ordrereserve og meiner selskapet skal nå ein halv milliard i omsetning i år. Offshoremarknaden er drivaren. Foto: Marius Rosbach

Opna satellitt-kontor i Ørsta
Også arbeidsstokken veks både i tal og geografisk. I dag teller selskapet kring 100 tilsette og dei er stadig på utkikk etter fleire. 

I fjor opna Evotec ei ingeniøravdeling i Tønsberg, og no har dei også fire kontorplassar i Ørsta. I tillegg har dei ein person i Stavanger.

– Etter covid ser vi litt annleis på den fysiske arbeidsplassen, og ein er ikkje lenger nøydt til å jobbe frå nabokontoret til kvarandre, seier Romestrand. 

Samtidig er det ein måte å rekruttere breiare på i ein arbeidsmarknad prega av sterk konkurranse om dei beste kandidatane.

– Mange bygger båt no
Bygging av store avanserte fartøy til ulike operasjonar både på og under havoverflata, er drivaren for mykje av veksten i ordreboka.

– Det generelle volumet innan offshore er veldig stort, og mange bygger båt no, fortel Geir Henning Kalvatn som er salssjef for offshore vind. 

Han  fortel at dei har sikra seg leveransar på ein stor del av dagens større subseaskip under bygging. 

Evotec Geir Henning Kalvatn Nikolay Sundgot 22foto marius
STORE DIMENSJONAR: Evotec lagar vinsjar og utstyr til bruk på dekk på fartøy og det er store dimensjonar over produkta som Geir Henning Kalvatn og Nikolay Sundgot sel til kundane. Foto: Marius Rosbach

Sel gjerne to i staden for eitt
Sokalla LARS-system er eit av suksessprodukta til Ulsteinvik-selskapet. Det står for engelske « launch and recovery system», og nyttast til å sette farkostar ned i vatnet.

Kalvatn fortel at dei no også gjerne leverer to slike «Lars-ar» til kvart skip, som tidlegare berre skulle ha eitt. 

Samtidig har dei utvikla nye system som skal gjere det tryggare og meir effektivt å jobbe om bord. 

– Det er litt komplekse system, men spesielt operatørane på båtane ønsker seg slike. Det har vore ein suksess og er ein del av grunnen til at vi har fått det volumet vi har i dag, seier Kalvatn. 

Håpar på første kontrakt med nytt system
Ein annan trend er at eksisterande ankerhandteringsskip vil ha om bord slike system, og Evotec har mellom anna sikra seg fleire avtaler med Solstad og Viking Supply.

– Vi har også utvikla eit system for legging av kablar der vi håpar å sikre får første kontrakt i løpet av kort tid, legg Romestrand til. 

Det byggast få nye båtar for seismikk om dagen, men det er likevel ein marknad Evotec satsar på. 

– Det er ein del arbeid med ombyggingar og oppgraderingar, som å bytte ut gamle vinsjar, anna dekkshåndterings-utstyr og kontrollsystem, fortel  Nikolay Sundgot som er salssjef for ettermarknad.

Låg aktivitet på fiskeri og havbruk
Fiskeri er ein marknad som bidrog til mange oppdrag for eit par år sidan. Så langt i år har det ikkje kome inn ein kontrakt på dette området. 

Havbruk er óg ein marknad som har vore prega av låg aktivitet etter innføringa av lakseskatten.

– Men vi ser at den marknaden livnar til, og det kan vere spennande framover. Vi meiner det er eit stort potensiale i oppdrettsmerdar til havs, seier Kalvatn.

Publisert: 29.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 29.04.2025 00:37

Mer om