Jogeir Romestrand evotec foto Marius
VENTAR STOR AKTIVITET: Høge olje- og offshoreinvesteringar gir no bølgje med arbeid for mange maritime utstyrsleverandørar. Jogeir Romestrand ventar stor aktivitet for Evotec på subsea-marknaden dei tre-fire neste åra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Surfar på subseabølgje

Evotec har opna avdeling på Austlandet for å sikre seg nok folk i arbeid.

Marius Rosbach
18.12.2024

Den maritime utstyrsleverandøren Evotec kunne onsdag fortelje at dei har sikra seg sin største kontrakt nokon gong

Selskapet er sikra ein avtale på meir enn 180 millionar kroner for levering av utstyr til eit nytt Rem Offshore-skip som skal byggast ved Myklebust Verft.

Saman med levering av tilsvarande utstyr til eit anna skip som reiarlaget skal bygge, dreiar det seg om leveransar for ein kvart milliard. 

Entec Group-sjef og dagleg leiar i Evotec, Jogeir Romestrand, påpeiker at dei allereie i mange år har hatt eit godt samarbeid med Herøy-reiarlaget. 

Rem Ocean myklebust illustrasjon skipsteknisk
REKORDSKIP: Skipet «Rem Ocean» er teikna av Skipsteknisk i Ålesund og skal byggast ved Myklebust Verft for Rem Offshore. Fartøyet er det mest verdifulle Sande-verftet har sikra seg. Kontrakten skipet skal inn i, er også den mest verdifulle for reiarlaget nokon gong. Illustrasjon: Skipsteknisk

– Subsea er det store no
Etter at fiskeri utgjorde store delar av ordreboka til oppdraga i fjor, er det no offshoremarknaden som har skote fart. 

 – Subsea er det store no, og vi kjem til å ha mykje aktivitet i den marknaden dei tre-fire neste åra, seier Romestrand til Nett No 

Seismikkmarknaden, der det også har vore forventingar om ny vekst, har det vore meir flatt, legg han til. 

Har opna avdeling i Tønsberg
Leveransane til Rem Offshore-skipa er mellom oppdraga som gjer at selskapet har fullt opp å gjere. Dei er difor stadig på utkikk etter fleire enn dei kring 90 tilsette som utgjer arbeidsstokken i dag. 

I ein krevjande arbeidsmarknad å rekruttere i, har Evotec snudd seg rundt og opna ei ny avdeling på Austlandet. 

– Vi har etablert ei avdeling med fem-seks ingeniørar i Tønsberg, seier Romestrand. 

Samtidig som lokala i Ulsteinvik er «sprengt», jobbar dei med andre moglegheiter for å sikre meir vekst. 

– Vi ser på oppkjøp av bedrifter og andre måter for korleis vi kan gå vidare med å utvikle Evotec, legg han til. 

Evotec lars foto Marius
HEILELEKTRISK: Pressa fekk demonstrert eit system for utsetting av undervassfarkostar. Rem Offshore-skipa skal begge få store versjonar av løysinga om bord. Evotec skal også levere store modular som nyttast i subseaoperasjonar til å plassere store installasjonar på havbotnen. Foto: Marius Rosbach

Ny rekordomsetning i år
Under pressekonferansen onsdag fortalde Romestrand at selskapet i år vil bikke 400 millionar i omsetning i år. 

Det er ny rekord og utgjer ein ny betydeleg vekst frå kring 350 millionar i 2023. 

Samtidig fortalde han at ordreboka var «all time high» på mellom 500 og 600 millionar kroner. 

ؘ– Vi har ein veldig god ordrereserve og signerer mykje kontraktar for tida, seier han til Nett No. 

Publisert: 18.12.2024 13:22

Sist oppdatert: 18.12.2024 13:22