Olympic promoter foto marius 11
PÅ VEG TIL KLASSING: Forsyningsskipet Olympic Promoter på veg inn Ulsteinfjorden måndag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Olympic-skip ut av opplag

Jobbar med kontrakt for 16 år gamal PSV.

Marius Rosbach
31.01.2022

Olympic Subsea tek Olympic Promoter ut av opplag og jobbar med kontrakt for det 2005-bygde forsyningsskipet.

Det stadfestar reiar Stig Remøy til NETT NO.

Måndag er skipet på veg inn til klassing ved Ulstein Verft assisterert av to slepebåtar.

Håpar på oppdrag etter klassing
Det drygt 73 meter lange skipet har eit dekksareal på i underkant av 700 kvadratmeter.

– Det jobbast med ein kontrakt og vi håpar på oppstart av kontrakten like etter verkstadopphaldet, opplyser Remøy i ein sms.

Olympic Promoter vart levert frå dåverande Brevik Construction i 2005. Skipet blei utvikla og designa av dåverande Rolls-Royce Marine, og er eit UT-design av typen 755 LN.

(saka held fram under)

Olympic Promoter foto kjetil 11
MEST I OPPLAG: Dei siste åra har Olympic Promoter vore mest utan oppdrag, og vore i opplag i Fosnavåg den siste tida. Foto: Kjetil Haanes

Mykje i opplag
Skipet har vore mykje ute av drift dei seinare åra.

Då Stig Remøy og andre aksjonærar overtok PSV-en sommaren 2019, hadde den vore i opplag i meir enn to år.

Båten skulle då inn i spotmarknaden i Nordsjøen, men har vore mest utan arbeid. Den siste tida har skipet vore i opplag i Fosnavåg.

Framleis forhandlingar
Olympic er framleis i forhandlingar med långivarane om ei refinansiering. Reiarlaget frå Herøy har forhandla i meir enn to år og fristen for å bli samde er utsett fleire gonger.

I november melde Olympic Subsea om redusert inntening, men auka etterspørsel i subseamarknaden.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Publisert: 31.01.2022 14:10

Sist oppdatert: 31.01.2022 14:30

Mer om