Olympic Delta og Olympic Artemis foto Rune Paulsen
SUBSEA: Olympic Delta og Olympic Artens er to av ni skip i Olympic Subsea-flåten. Foto: Rune Paulsen
Nytt

Reduserte inntektene - men ser lysning

Olympic Subsea med redusert inntening, men ser auka etterspørsel i subseamarknaden.

26.11.2021

Dei ni skipa til Herøy-selskapet Olympic Subsea segla inn 153,5 millionar kroner i tredje kvartal, ned frå 195,1 millionar kroner i tredje kvartal i fjor.

Hittil i år har selskapet 420,9 millionar kroner i driftsinntekter, og eit resultat før skatt på minus 13,4 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Olympic Subsea
Resultat 3. kvartal 2021 2020
Driftsinntekter 153,5 195,1
Driftsresultat 33,8 62,2
Resultat før skatt 39 35,2
Olympic Subsea
Resultat hittil i år 2021 2020
Driftsinntekter 420,9 447,6
Driftsresultat 53,8 44,3
Resultat før skatt -13,4 -86,3

Reduserer gjelda
Selskapet har slite med gjelda, men har no fått i stand ein avtale med dei største kreditorane, som vil gi ein betydeleg reduksjon i gjeldsbyrda.

Ein del av forslaget som er lagt på bordet, inneberer at i eit obligasjonslån på 300 millionar kroner, kan bli omgjort til aksjar som vil gi långivarane eit eigarskap tilsvarande 22 prosent av reiarlaget.

Selde skip
Ved utgangen av kvartalet var gjelda på vel 2,8 milliardar kroner, der den kortsiktige gjeld avar på vel 2,6 milliardar.

Eigenkapitalen var samstundes negativ med 460,5 millionar kroner.

Selskapet har ni skip etter salet av Oympic Commander i september.

I kvartalsrapporten vert det opplyst at ein ser auka aktivitet i subsea, og forventar etter kvart også auka aktivitet i fornybarfeltet.

Publisert: 26.11.2021 13:21

Sist oppdatert: 26.11.2021 13:55

Mer om