Tysdag arrangerte Ulstein Næringsforum webinar der bedrifter kunne få svar på spørsmål kring dei ulike tiltaka i samband med koronakrisa.
Med fleire enn 200 påmeldte er det ingen tvil om at interessa er stor. Det same er usikkerheita, fortel Daniel Garden som leiar forumet.
– Det bedriftene treng mest av alt treng no er føreseielege vilkår medan nær sagt alle ballar er i lufta på same tid, seier han til NETT NO.
Han erkjenner at det ikkje er like lett å gi svar, ettersom terrenget forandrar seg omtrent time for time. Difor vil dei ha eit nytt webinar neste veke.
Allereie torsdag inviterer også Ålesund kommune til dialogmøte med næringslivet via nett. I tillegg til ordføraren, deltek Espen Remme frå NHO, Helge Gjerde frå Innovasjon Norge og Bergljot Landstad frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Om eit par veker vil vi sjå ein heilt anna situasjon. Førebels har ikkje alle rekningane hatt forfall hos bedriftene. For dei som har bestilt inn store varelager til våren og sommaren, og snart må betale varer for fleire millionar, så blir dette vanskeleg, fortel han.
Mindre verksemder og enkeltpersonsforetak som har missa alt av oppdrag, eller var nøydde til å stenge på dagen, er dei som er verst stilt.
– Dei har nok falle litt utanfor ordningane og tiltaka for dei har kome litt seint. Mange manglar inntekt til å betale ved neste forfall og for dei hastar det mest, seier Garden.
– Målet må vere at flest mogleg overlever denne krisa, og vi ser at mange er kreative for å halde på inntektene sine. Eg trur at dei som held fram å vere synlege og relevante for kundane sine, kanskje er dei som har største sjanse til å kome tilbake, seier Garden.
Samtidig er det nokre bedrifter som har auka pågang, spesielt innan it fordi mange no er på jakt etter gode råd for korleis dei får kvardagen til å fungere når ein må jobbe langt meir digitalt enn tidlegare.
Med fleire enn 200 påmeldte er det ingen tvil om at interessa er stor. Det same er usikkerheita, fortel Daniel Garden som leiar forumet.
– Det bedriftene treng mest av alt treng no er føreseielege vilkår medan nær sagt alle ballar er i lufta på same tid, seier han til NETT NO.
Fleire webinar – også i Ålesund
Garden fortel at bedriftene i første rekke lurer på om tiltaka treff dei, kvar dei skal vende seg og kva konkret dei kan få ut av krisehjelpa.Han erkjenner at det ikkje er like lett å gi svar, ettersom terrenget forandrar seg omtrent time for time. Difor vil dei ha eit nytt webinar neste veke.
Allereie torsdag inviterer også Ålesund kommune til dialogmøte med næringslivet via nett. I tillegg til ordføraren, deltek Espen Remme frå NHO, Helge Gjerde frå Innovasjon Norge og Bergljot Landstad frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Les også:
Mindre verksemder verst stilt no
Det har vore mykje merksemd kring børsverdiar som er forsvunne og kraftig stigande arbeidsløyse. Men Daniel Garden peiker på at det berre er kort tid sidan krisa traff bedriftene med full kraft – og han trur situasjonen vil bli verre etter påske.– Om eit par veker vil vi sjå ein heilt anna situasjon. Førebels har ikkje alle rekningane hatt forfall hos bedriftene. For dei som har bestilt inn store varelager til våren og sommaren, og snart må betale varer for fleire millionar, så blir dette vanskeleg, fortel han.
Mindre verksemder og enkeltpersonsforetak som har missa alt av oppdrag, eller var nøydde til å stenge på dagen, er dei som er verst stilt.
– Dei har nok falle litt utanfor ordningane og tiltaka for dei har kome litt seint. Mange manglar inntekt til å betale ved neste forfall og for dei hastar det mest, seier Garden.
– Mange er kreative
På webinaret tysdag deltok Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz og lokale representantar frå NAV. Deltakarane fekk mellom anna råd for korleis ein kan strupe kostnadar, men også korleis dei framleis kan vere synlege.– Målet må vere at flest mogleg overlever denne krisa, og vi ser at mange er kreative for å halde på inntektene sine. Eg trur at dei som held fram å vere synlege og relevante for kundane sine, kanskje er dei som har største sjanse til å kome tilbake, seier Garden.
Samtidig er det nokre bedrifter som har auka pågang, spesielt innan it fordi mange no er på jakt etter gode råd for korleis dei får kvardagen til å fungere når ein må jobbe langt meir digitalt enn tidlegare.
Les også:
Mange manglar inntekt til å betale ved neste forfall og for dei hastar det mest
Publisert: 01.04.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55