Opna doerene kutta sjukefraaveret
FÆRRE SJUKE: Personalsjef Vidar Egset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre kunne gle seg over eit sjukefråver på berre ein prosent i andre kvartal.
Nytt

Opna dørene, kutta sjukefråveret

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har kutta sjukefråveret frå 7,5 til ein prosent på sju år.

26.08.2014
Då banken i 2007 hadde eit sjukefråver på nesten 7,5 prosent kravde styret kvartalvis oppdatering på situasjonen. Sjølv om ein del av sjukefråveret kunne forklarast med alvorleg sjukdom hos nokre tilsette låg sjukefråveret likevel klart høgare enn gjennomsnittet for bransjen.
Resultatet var ei rad med tiltak som medverka til at banken i andre kvartal i år hadde eit sjukefråver på berre ein prosent.
Mykje handla om å sjå folk, seier personalsjef Vidar Egset.

Inn i bedrifta

Før det toppa seg i 2007 var lina i banken at du enten var på jobb eller ikkje.
Den politikken blei det slutt på. Banken opna dørene for langt meir fleksible løysingar; redusert arbeidstid, andre arbeidsoppgåver og i einskilde tilfelle berre oppmøte for å drikke kaffi med kollegaerein gong i veka.
- Vi erkjente at det går an å følge dei opp og ta dei på alvor, seier Egset om tilbodet til banken sine sjukmelde.

Jamn nedgang

Resultatet let ikkje vente på seg, sjukefråveret har gått nedover jamt og trutt, før det stupte heilt ned i ein prosent i andre kvartal i år.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre har 68,5 årsverk. Med ei så liten stab kan sjukdom hos einskildpersonar og tilfeldige svingingar i løpet av året slå kraftig ut i statistikken, så Egset reknar ikkje med at banken klare å halde seg ned på ein prosent gjennom året. Målet er å ligge under bransjegjennomsnittet, som vil seie eit sjukefråver nede på tre-talet.

Viktig å bli sett

Støtte til treningstudio-abonnement, nye arbeidsbord og stolar, besøk av ergoteraput og bedriftshelseteneste for å sjå på arbeidsmiljø- og arbeidsstillingar, kampanjar for å få folk til å røre på seg i løpet av arbeidsdagen, fellesturar og andre trivselsfremjande tiltak er mellom grepa banken har tatt for å halde sjukefårveret nede.
Egset mener desse tiltaka er nyttig i seg sjølv, men den aller viktigast effekten er at det viser at banken bryr seg om sine tilsette, meiner han.

Betre resultat

Lågare tap er ein viktig årsak til at Sparebank 1 Søre Sunnmøre legg fram eit klart betre resulat i første halvår 2014 enn i første halvår 2013 (sjå tabell).
I første halvår 2013 var tapa 21,1 millionar kroner, i første halvår i år 9,6 millionar kroner,

Publisert: 26.08.2014 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37