Opnar for aa legge ned Sandane
FELLES: Kvivsvegen og Eiksundsambandet har gitt Ørsta/Volda lufthamn eit stort oppsving i trafikken. Trasévalet for E39 kan gjere at den overtek trafikken til og frå Sandane og.
Nytt

Opnar for å legge ned Sandane

Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp), opnar for diskusjon om å legge ned flyplassen på Sandane om E39 bli lagt over Anda-Lote og gjennom Stigedalen.

09.01.2014
- Eg ser at flyplasstrukturen blir aktuell å diskutere. Men då skal vi ha fullgod kommunikasjon fram til ein flyplass som kan yte like god eller vel så god service som vi har i dag, seier Sandal.
Sandal er styreleiar i Fjordkryssing as, eit selskap som arbeider for at E39 skal gå på bru over Anda-Lote, i tunell gjennom Stigedalen og på ei ny bru over Voldafjorden. Dette er det såkalla midtre line-alternativet. I dag, torsdag 9. januar klokka 10.00, opna han konferansen Ferjefri E39, som blir arrangert på Nordfjordeid.

Kort veg

Får Sandal og Nordfjordkryssing det som dei vil, kan du køyre mellom flyplassen i Ørsta/Volda og flyplassen på Sandane på under 40 minutt.
Sandal meiner kravet til å samle seg om ein flyplass er at den må gi minst like godt flytilbod som idag, men vil ikkje vere konkret på kva som må til av kommunikasjonstilbod til og frå flyplassen for at ei eventuell samling om ein flyplass er aktuell.

Meir samarbeid

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), vil ikkje snakke om kva for flyplass som eventuelt kan bli lagt ned om midtre line blir vald for E39. Men han legg ikkje skjul på at diskusjonen vil kome.
- Ved å bygge traséen i midtre line opnar det for heilt andre moglegheiter for å samordne aktiviteten mellom Nordfjord og Søre Sunnmøre, seier Bjørlo.
I tillegg til flyplasstrukturen, meiner Bjørlo midtre line opnar for å vurdere både sjukehustilbodet og kommunestrukturen i området.

Delte fogderi

Kvar E39 skal gå splittar både nordfjordingar og sunnmøringar. I Nordfjord står valet mellom indre line (gjennom Utvikfjellet frå Byrkjelo, over fjorden ved Innvik og inn på Kvivsvegen mellom Stryn og Volda), eller midtre line.
Statens vegvesen si første vurdering enda på det indre alternativet.
Nyare vurderingar for Finansdepartementet konkluderte på ein annan måte, og ny bruteknologi har gitt midtre-tilhengarane meir vatn på mølla.

Kampanje for flyplassen

Eiksundsambandet og Kvivsvegen har gitt trafikken over flyplassen i Ørsta/Volda eit kraftig løft. Brukarane har organisert seg for å få fleire avgangar og for å få fleire direkteruter. I dag kan du ta fly direkte frå Ørsta/Volda til Oslo og Bergen.
Offshorereiarlaga på ytre søre Sunnmøre sender mange folk til og frå Bergen/Stavanger-området, og ønskjer seg eit betre samband den vegen.
Ved å bygge traséen i midtre line opnar det for heilt andre moglegheiter for å samordne aktiviteten mellom Nordfjord og Søre Sunnmøre

Publisert: 09.01.2014 11:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30