Ann helen svinø bro 11
OPNAR UTESERVERING: Dagleg leiar Ann-Helen Svinø ved Bro gler seg til å ta i mot gjestar i helga. Her frå då restauranten var under oppusssing sist. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Opnar uteserveringa og treng fleire tilsette

Bro i Ålesund ser fram til å ta imot gjestar i helga og treng ein rekke nye tilsette før sommaren.

Marius Rosbach
28.05.2021

Frå laurdag kan serveringsstadane i Ålesund, Sula og Giske sjå fram til å ta i mot gjestar som kan nyte alkohol att.

Bro som er det største restaurantselskapet i Ålesund, er mellom dei som ser fram til å ta i mot gjestar etter ein stille periode.

– Det er kort tid å hive seg rundt på, men sidan det ligg an til å bli fint vær, så opnar vi uteserveringa laurdag med dei tilsette vi har tilgjengeleg. Så satsar vi på ei skikkeleg opning neste veke, fortel dagleg leiar Ann-Helen Svinø ved Bro til NETT NO.

Kan skjenke utan matservering
Den nye forskrifta opnar mellom anna for skjenking av alkohol fram til klokka 22, men berre ved bordservering. Det er ikkje lenger eit krav om matservering til skjenkinga. Reglane i dei tre kommunane gjeld frå midnatt fredag til 8. juni

Restaurant- og serveringsbransjen er hardt råka som følgje av pandemien. Store delar av året har mange utestader og restaurantar i Ålesund halde stengt.

– Treng sikkert ti servitørar
Også ved Bro har det vore stengte dører i periodar, men no står dei framfor ein hektisk sommarsesong. Då treng dei også ein rekke nye tilsette.

– Korleis rekrutteringa blir, vil i stor grad styre kor mykje vi klarar å halde oppe. Vi treng sikkert ti servitørar i tillegg til folk i reinhald og kjøkkenet, fortel Svinø.

Framleis råd om heimekontor
I den nye forskrifta for dei tre kommunane, er bruk av heimekontor no berre eit råd, og det blir gjort målretta tiltak mot situasjonar der smitte oftast skjer. Det vil framleis vere påbod om munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Kommunane opplyser at reglane kan lettast ytterlegare opp dersom smittetrykket betrar seg.

– Ålesundregionen opnar meir opp, men situasjonen tilseier at vi må halde litt igjen, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund.

– Vi ser at smitten skjer mest i private heimar og tette sosiale samanhengar, og vi vil derfor gradvis nærme oss den nasjonale gjenopninga, seier ordføraren i ei melding frå Ålesund kommune.

Publisert: 28.05.2021 16:24

Sist oppdatert: 28.05.2021 16:52

Mer om