Fiskeforedling ålesund montasje simen sætre foto ogne npk 11
Simen Sætre har skrive boka «Den nye fisken» som rettar eit kritisk blikk på oppdrettsindustrien. – Det vert skapt mange gode arbeidsplassar, men òg mange dårlege., seier han. Foto: Ogne Øyehaug/Privat
Nytt

Oppdrett er den nye livsnerva for mange

Kan oppdrettsnæringa verta for viktig for lokalsamfunna langs kysten, er spørsmålet fleire stiller seg.

NPK
04.03.2023

(NPK – Ingeliv Aadland): Oppdrettsnæringa har vorte livsviktig for ein del kystsamfunn. Det er ikkje uproblematisk.

Etter at forslaget om grunnrenteskatt på havbruk vart lagt fram, har mange snakka mykje om kor viktig oppdrettsnæringa er for kysten og distrikta. Administrerande direktør i sjømatkonsernet Brødrene Karlsen, Rita Karlsen, sa til dømes til NRK at «det hadde vore lite lys i gatene i distrikta viss det ikkje var for havbruksnæringa».

Grunnrenteskatt til sides, er distrikta verkeleg så avhengige av fiskeoppdrett?

Dei nye hjørnesteinsbedriftene
Det første svaret er nei. Dei fleste distriktskommunane har ikkje fiskeoppdrett i det heile, utan at gatene er mørklagde av den grunn. Mange stadar har òg fiskeoppdrett utan at det er det viktigaste som skjer der.

Men Rita Karlsen er inne på noko likevel.

– Fiskeoppdrett er heilt avgjerande for mange, seier styreleiar i Nettverket for fjord- og kystkommunar, Ole Laurits Haugen til Nynorsk pressekontor.

– Kva legg du i det?

– For å seia det sånn, det hadde nok budd folk på desse plassane sjølv utan oppdrett, men det er avgjerande for at det er ei positiv utvikling.

Han får støtte frå seniorforskar i forskingsinstituttet Ruralis, Katrina Rønningen.

– Oppdrett har ein enorm betydning for kysten, seier ho. – Nokre stadar har oppdrettsbedriftene vorte dei nye hjørnesteinsbedriftene og store delar av innbyggjarane jobbar enten i oppdrettsnæringa eller i bedrifter som leverer varer og tenester til oppdrettsnæringa.

Ulike type arbeidsplassar
Fiskeoppdrett har skapt attraktive jobbar, skaffar inntekter til kommunen, og får ofte æra for befolkningsvekst og framtidsoptimisme. Likevel varierer det kor mykje lokalsamfunna får igjen for å ha oppdrett.

Simen Sætre har skrive bok om oppdrettsindustrien. Han meiner ein må sjå på kva type arbeidsplassar næringa tilbyr.

– Det vert skapt mange gode arbeidsplassar, men òg mange dårlege. Mange av dei som jobbar i bearbeiding er arbeidsinnvandrarar og mange arbeider på korte kontraktar eller igjennom vikarbyrå.

Variasjon i kva ein får att
Forfattaren meiner òg ein bør sjå på kor overskotet går.

– Kor mykje vert igjen lokalt, og korleis vert det fordelt?

Her har eigarstrukturen og kor eigarane og hovudkontoret er baserte mykje å seia. Lokale eigarar skattar til heimkommunen. I tillegg investerer dei gjerne lokalt.

– Det vert igjen meir lokalt der det er lokalt eigarskap, og der slakt og foredling skjer lokalt, seier Haugen.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Eigarskap og havbruksfond
Lokalt eigarskap er ikkje like vanleg som det ein gong var. Oppdrettsselskapa har vorte færre og større. Viss me ser på eigarskap er Oslo den største oppdrettskommunen i Noreg, men mange eigarar bur òg i utlandet. Ein studie frå 2020 fann at 48 prosent av utbytte frå oppdrettsnæringa gjekk til utanlandske eigarar.

Før kunne det bety at oppdrettskommunane såg lite eller ingenting til overskotet. Havbruksfondet har endra det. Igjennom Havbruksfondet får oppdrettskommunane, og fylka, utdelt ein del av salsinntektene frå nye løyve. Sidan 2020 har dei òg fått inntektene frå produksjonsavgifta, som oppdrettarane betaler per fisk.

Sårbare kystsamfunn
Men alle variablar til sides, det er altså ein del kystsamfunn der fiskeoppdrett har vorte enormt viktig. Rønningen i Ruralis meiner ein bør sjå på om fiskeoppdrett kanskje er for viktig nokre stadar.

– Når oppdrettsnæringa vert så dominerande vert kystsamfunna meir sårbare. Det er ei utfordring, seier forskaren.

Det er Haugen i Nettverk fjord- og kystkommunar einig i. Han påpeikar at eksterne faktorar som sjukdom, miljøforureining eller internasjonale forhold kan endra vilkåra for oppdrett lokalt. I tillegg har me trafikklyssystemet der heile regionar kan måtta redusera drifta viss dei får for store problem med lakselus.

– Det vert ein hjørnesteinbedriftsrisiko. Viss det går over ende med oppdrettsbedrifta er det katastrofe for lokalsamfunnet, seier han.

Lokal maktfaktor
Ei anna utfordring er at oppdrettsnæringa vert så dominerande at ho overkøyrer andre lokale interesser. Katrina Rønningen har forska på arealbruk og fortel at det kan vera eit problem.

– Ofte har fleire interesser i det same arealet – det kan vera oppdrett, tradisjonelt fiske, reiseliv og naturvern. Då vinn ofte oppdrettsnæringa fram nettopp fordi dei er så viktige for lokalsamfunnet.

Det kan forsterka problemet. Når andre næringar og aktivitetar taper i kampen om areala, kan det gjera at oppdrettsnæringa vert endå viktigare.

Haugen er med på at det kan vera ein fare for at oppdrettsbedriftene får i overkant mykje makt lokalt når dei vert så viktige.

– Oppdrettsnæringa vert jo ein maktfaktor lokalt, seier han.

Sætre meiner det kan vera eit problem for lokaldemokratiet.

– Lokalpolitikarane ønskjer sjølvsagt å ha eit godt forhold til lokalt næringsliv. I tillegg har politikarane gjerne ikkje nok kunnskap om oppdrett til å stilla spørsmål ved eller kritisk vurdera informasjon dei får frå oppdrettarane. Då får ein fort ei felles forståing for ting, seier han.

Mangel på alternativ
Det er altså ein del problem som dukkar opp når oppdrettsnæringa står for lyset i gatene i små kystsamfunn. Forskar Katrina Rønningen meiner ein bør prøva å unngå at kystsamfunna vert så avhengige, og at ein bør støtta opp om andre aktivitetar og næringar. Ole Laurits Haugen er langt på veg einig.

– I ei ideell verd burde ikkje desse stadane vera så avhengige av ei næring?

– Nei, det er klart, men mange stadar er det ein reel mangel på alternativ.

(©NPK)

Publisert: 04.03.2023 12:35

Sist oppdatert: 04.03.2023 12:34

Mer om