Har sendt film om lakseskatten til alle på Stortinget
Roger Hofseth tvilar på politikarane vil sette seg inn i hundrevis av høyringssvar. Difor har han laga sin eigen vri.
Ved hjelp av ein drygt 16 minutt lang film håpar Roger Hofseth å overtyde politikarane på Stortinget om å tenke annleis kring den omstridde lakseskatten.
Hofseth International har også sendt inn høyringssvar om grunnrenteskatten, der dei fortel korleis verksemda blir råka. Hofseth er ikkje i tvil om at fleire på Stortinget vil sjå filmen, enn å lese det formelle innspelet.
– Det er kome inn fleire hundre høyringssvar, som kanskje utgjer opp mot titusen sider der mykje er skreve av advokatar og revisorar. Trur du at alle på Stortinget vil lese dette – og er i stand til å sette seg inn i det, spør Hofseth.
– I filmen forsøker eg å snakke heilt enkelt, slik at folk forstår, legg han til.
Sjå filmen:Sendt til Stortinget, Vedum og Støre
Jannicke Farstad som er kommunikasjonsansvarleg i Hofseth-gruppa
fortel til NETT NO at filmen allereie midt på dagen torsdag hadde meir
enn 8000 visningar - før dei har starta å spreie filmen via
leverandørane sine.
Fredag føremiddag hadde visningane meir enn dobla seg til 16.500, ifølgje Farstad.
Filmen er sendt samtlege
representantar på Stortinget, i tillegg til finansministeren og
statsministeren. Ein handfull svar frå Stortinget hadde også kome
allereie torsdag.
– Det er gode tilbakemeldingar om at det var smart å lage film - og at det var enkelt og godt forklart, fortel Farstad.
Fått mange positive tilbakemeldingar
Hofseth
fortel at han har fått ein haug med positive tilbakemeldingar på
filmen, og teller fleire sms-ar berre under intervjuet med NETT NO.
I filmen fortel Roger Hofseth om verksemda han har bygd opp med oppdrett og foredling - og korleis den blir påverka av skatteforslaget.
«Eg vil ta med dokke politikar på ei reise, for å sjå på moglegheitene for korleis dokke kan få inn fire milliardar – og mykje meir ved å gjere det på ein litt anna måte», seier Hofseth i filmen.
Professor Ola Honningdal Grytten ved Norges Handelshøyskole deltek også i filmen, og forklarar kvifor forslaget kom som eit sjokk for næringa.
- Tenk enkelt og ukomplisert
Filmen fortel korleis verdiskapinga heng saman, via alt frå bygging av
frå eit nytt smoltanlegg i Tafjord, til foredling i Ålesund – og
ringverknadene til andre bedrifter.
Konsernet har også betalt Menon Economics for å lage ein rapport der dei ser på kva verdiskaping ein kan oppnå ved å la næringa vekse – i staden for å strupe den – slik Hofseth no fryktar er i ferd med å skje.
Rapporten viser til eksempel at ei auke i foredling av fisken frå dagens 20 – til 50 prosent – kan gjere at det skapast verdiar for mellom 8 og 16 milliardar kroner – ved auka sysselsetting. Det vil igjen gi betydelege skatteinntekter til stat og kommune.
– Tenk enkelt og ukomplisert, er Hofseth si oppmoding til politikarane ovanfor NETT NO.
Vil bli råka tungt av skatten
I det formelle høyringssvaret skriv selskapet at dei som ein
liten oppdrettar med sju konsesjonar, framleis vil bli råka tungt av
skatten ved dagens produksjonsnivå.
Det førespegla botnfrådraget ville ikkje treft dei og Hofseth fortel at selskapet med fjorårets tal, ville risikert å ende opp med eit skattetrykk på over 100 prosent medrekna grunnrente.
Hofseth legg ikkje skjul på at han er opprørt over det han opplever som manglande forståing for økonomiske samanhengar hos styrande politikarar.
– Tidlegare har er ikkje brydd meg om politikk, fordi ting har vore stabilt. Men no er det heilt gale, seier han.
Vil ha bytteordning
I høyringssvaret gjentek Hofseth forslaget om å få bytte konsesjonar for oppdrett i sjø til fleire konsesjonar for lukka anlegg.
– Då hadde vi heller ikkje trengt noko verftstøtte. Det kunne utløyst investeringar for hundrevis av milliardar i åra som kjem ved at det blir laga ny teknologi som sidan blir selt til utlandet, argumenterer Hofseth.
Han ønsker også at det blir innført ei verdiskapingsfrådrag i grunnrenta, som gjer at fisk som blir foredla med høg ferdigheitsgrad i Norge, ikkje blir rekna med.
– Trur du det er mogleg å gjennomslag for ditt syn hos fleirtalet på Stortinget?
– Ja, eg har f... ikkje tenkt til å gi meg.
Les høyringssvara her (ekstern lenke)
Publisert: 05.01.2023 13:09
Sist oppdatert: 06.01.2023 15:29