Fleire skip i drift og betre marknad gjorde at driftsinntektene til offshorereiarlaget Olympic Ship-konsernet steig med 20 prosent ifjor. Det var spesielt i andre og tredje kvartal marknaden betra seg, skriv selskapet i ein førebels årsrapport.
To subseafarty som skal leverast frå Kleven Maritime, i høvesvis 2014 og 2015 skal leigast ut for tre år. I tillegg har leigetakaren høve til (opsjon på) å leige skipa vidare i eitt pluss eitt år. Kven leigetakaren er vil selskapet førebels ikkje opplyse.
Verdien på kontraktane er i underkant av 800 millionar kroner. Medrekna opsjonar er storleiken på kontraktane 1,2 milliardar.
I alt er det snakk om fire plattformforsyningsskip (PSV), fire ankerhandteringsskip (AHTS), åtte subseaskip (til bruk ved undervassoperasjoner), og seks fleirbruks- og konstruksjonsskip.
Olympic Ship er eit dotterselskap av Olympic Holding, der Stig Remøy eig over 90 prosent av aksjane. Gjennom Olympic Holding er Stig Remøy og engasjert i fiskeri, mellom anna krillfiske i Sørishavet.
Nye kontraktar
Selskapet legg og fram ei melding nye kontraktar i dag, fredag 28. februar, i tillegg til årsreknskapen.To subseafarty som skal leverast frå Kleven Maritime, i høvesvis 2014 og 2015 skal leigast ut for tre år. I tillegg har leigetakaren høve til (opsjon på) å leige skipa vidare i eitt pluss eitt år. Kven leigetakaren er vil selskapet førebels ikkje opplyse.
Verdien på kontraktane er i underkant av 800 millionar kroner. Medrekna opsjonar er storleiken på kontraktane 1,2 milliardar.
22 skip
Olympic Ship har ein flåte på 22 skip, når dei to nybygga som blir levert i år og neste år er rekna med.I alt er det snakk om fire plattformforsyningsskip (PSV), fire ankerhandteringsskip (AHTS), åtte subseaskip (til bruk ved undervassoperasjoner), og seks fleirbruks- og konstruksjonsskip.
Olympic Ship er eit dotterselskap av Olympic Holding, der Stig Remøy eig over 90 prosent av aksjane. Gjennom Olympic Holding er Stig Remøy og engasjert i fiskeri, mellom anna krillfiske i Sørishavet.
Publisert: 28.02.2014 17:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31