Optimar Jan Christian Vestre foto Marius Rosbach 11
RESTRUKTURERING: Tilsette i Optimar er blitt medeigarar i selskapet, gjennom eit eige investeringsselskap. Optimar har hovudanlegg og hovudkontor på Valderøya. Her er næringsminister Jan Christian Vestre på besøk i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Optimar-tilsette eig 30 prosent i selskapet

Over 70 prosent av dei tilsette blei med på aksjekjøp.

16.02.2023

- Det var stor interesse for å kjøpe aksjar. Vi hadde ikkje nok aksjar til å fylle interessa, seier finansdirektør Kai Slettebakk i Optimar om dei tilsette sin vilje til å bli medeigar i selskapet.

Optimar lagar utstyr og anlegg til fiskeindustri, fiskebåtar og oppdrettsbransjen og har mellom anna hatt store oppdrag for russiske kundar.

Med krigen mot Ukraina fall den russiske marknaden bort, som medverka til at selskapet sa opp 40 tilsette seint i fjor.

Mange ville investere
NETT NO skreiv tidlegare i år at dei tilsette fekk tilbod om å eige 30 prosent i selskapet, som ein del av ei restrukturering av Optimar. Ein annan del av restruktureringa var at det tyske Haniel-konsernet gjorde om gjeld til aksjar, i tillegg til å få tilsette inn på som medeigarar.

Tilbodet om medeigarskap gjekk til dei omlag 200 tilsette i Noreg og i overkant av 70 prosent av dei tilsette ville bli med som medeigarar, seier Slettebakk.

Starta eigarselskap
Aksjekjøpet er gjort gjennom eit nyetablert selskap, OneOptimar.

Alle tilsette fekk tilbod om ein minimum eigarandel, men mange ville ha meir. Slettebakk seier alle får tildelt minimusandelen, og fordelinga av resten av aksjane blir gjort etter kor stor andel dei ville investere.

Konsernsjef Georg Holger Maria Saint-Denis skal eige ein prosent av aksjane gjennom sitt eige selskap, OneOptimar skal eige 29 prosent.

Slettebakk vil ikkje opplyse kva OneOptimar har betalt Haniel-konsernet, men seier aksjekjøpet er gjort til marknadspris.

Gjorde gjeld om til aksjar
Optimar har ikkje opplyst kor mykje gjeld som vart gjort om til aksjar, men har tidlegare sagt at selskapet no er gjeldfritt.

Optimar hadde ei langsiktig konserngjeld på 60 millionar kroner i 2021-rekneskapen. I morselskapet Optimar International var det bokførte ei langsiktig gjeld på 650 millionar kroner.

Publisert: 16.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.08.2023 08:28

Mer om