Optimar Jan Christian Vestre foto Marius Rosbach 11
MØTT MOTBØR: Optimar har vore gjennom tøffe sider det siste året og sa opp 40 tilsette på slutten av fjoråret. Her er næringsminister Jan Christian Vestre på besøk i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ny toppsjef på plass i Optimar

Store utskiftingar og mange har slutta i leiargruppa.

Georg Holger Maria Saint-Denis er oppført som ny toppsjef i Optimar, ifølgje ei kunngjering frå Brønnøysundregisteret denne veka.

Saint-Denis er den første toppsjefen dei siste åra, som ikkje kjem frå kretsen til dei tyske eigarane i Haniel-konsernet. Etter det NETT NO forstår, har han allereie verka i stillinga ei periode.

Fleire leiarskifter
Saint-Denis tek over etter Shital Bhagwanji Ghelani, som blei kunngjort som toppsjef 22. februar i fjor.

Ghelani erstatta Håvard Sætre, som hadde hatt jobben sidan november 2016.

Sætre varsla sin avgang i august 2020, men sa også at han skulle bli sittande til ny sjef var på plass. Ghelani gikk inn som midlertidig toppsjef samme høst og var det inntil han ble fast tilsett.

Fleire leiarar har slutta
I løpet av det siste året har ein rekke i leiargruppa til Optimar slutta. Sist ut er HR-sjef Lene Flem Debess, som slutta ved årsskiftet.

Ei av dei siste oppgåvane ho hadde, var å hjelpe dei oppsagde medarbeidarane med å få ny jobb.

Irene mjelde geir ingebrigtsen optimar foto marius 11
UTE AV OPTIMAR: Irene Mjelde og Geir Ingebrigtsen er to av fleire leiarar som har slutta i Optimar i løpet av det sisite året. Foto: Marius Rosbach

I fjor slutta global salgsdirektør Irene Mjelde i Optimar etter eit år og tre månader i jobben. Utan Russlands angrep på Ukraina og konsekvensen av det, hadde ho sannsynlegvis halde fram i stillinga, sa ho til Sunnmørsposten i fjor.

Også finansdirektør Geir Ingebrigtsen slutta i Optimar i 2022, etter å ha arbeidd i selskapet sidan 2019. Ingebrigtsen gjekk til Ava Ocean-reiarlaget, og rolla hans er overteke av Kai Slettbakk.

NETT NO var onsdag i kontakt med finansdirektør Kai Slettbakk, men fekk i løpet av dagen ikke tilbakemelding på fleire spørsmål kring leiarskiftene i selskapet.

OPPDATERT: Torsdag opplyser selskapet at leiargruppa er slanka - samtidig som det er teke økonomiske grep for å styrke selskapet.

Tysk oppkjøp i 2017
Det var i desember 2017 at det familieigde tyske selskapet Haniel kjøpte Optimar. Seljarane var investeringsselskapet Credo og selskap med Asbjørn Solevågseide, Peder Stette og Frode Håkon Kjølås i spissen.

Dagens Optimar-konsern er resultatet av samlinga av selskapet Optimar på Valderøya, Peter Stette på Stette i dåverande Skodje kommune og Seaside på Stranda. Både Solevågseide, Stette og Kjølås er ute av selskapet og drifta av Optimar.

Les også

Minusår i 2021
Optimar er ein av dei store produsentane av produksjon- og handteringsanlegg til fiskebåtar, oppdrettsnæringa og fiskeindustri.

2021 vart eit nytt minusår for konsernet - etter at 2020 enda med pluss-resultat.

Nedgangen frå 2020 til 2021 vart i stor grad forklart med redusert framdrift i fleire prosjekt på grunn av koronapandemien, skreiv selskapet i årsmeldinga for 2021.

Ny motgang i 2022
I 2022 møtte selskapet ny motgang - denne gongen i den russiske marknaden, grunna av invasjonen i Ukraina og sanksjonane mot Russland.

I haust merka selskapet også at bremsane vart sett på for oppdrag i oppdrettsbransjen, etter forslaget om grunnrente vart lagt fram i september.

Hovudselskapet Optimar har hovudkontor og anlegg på Valderøya, på Stette og i Stranda og hadde 282 tilsette i 2021 (opp frå 276). Konsernet omfattar også selskap i Spania, USA, Romania og Kristiansund.

Podium

E5/S1 Håvard Sætre og Olav Holst-Dyrnes om Internasjonalt eigarskap

Publisert: 12.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.01.2023 23:33

Mer om