Over kvart milliard i minus
VERRE OG VERRE: Det gjekk frå vondt til verre for skipsverftet til Havyard Group i Leirvik i Sogn, men drifta vart berga ved at folk og oppdrag vart flytta over i eit nytt selskap medan det vart opna gjeldsforhandlingar i det gamle.
Nytt

Over kvart milliard i minus

I løpet av dei tre siste år gjekk det tidlegare verftselskapet i Havyard-konsernet med eit samla underskot på 535 millionar kroner. 2019-reknskapen er den verste.

06.10.2020
Tilsette og oppdrag er flytta frå Havyard Ship Technology, over i New Havyard Ship Technology for å sikre vidare drift ved verftet i Leirvik i Sogn.
Det skjedde i vår.

Reknskapet til "gamle" Havyard Ship Technology for 2019 er difor først og fremst ein dokumentasjon på kor ille ute skipsbyggingsverksemda i Havyard Group var før refinansieringa og omorganiseringa.
I løpet av tre år, frå 2017 til 2019 gjekk Havyard Ship Technology, med minus 535 millionar kroner i resultat før skatt. 273 av dei millionane kom i 2019. (Sjå tabell til høgre på sida. På mobil finn du den nederst på sida).

Gjeldsforhandling

Etter etableringa av eit nytt verftselskap er det opna offentlege gjeldsforhandlingar i Havyard Ship Technology. Selskapet hadde ved utløpet av 2019 ein bokført negativ eigenkapital på 133 millionar kroner og ei samla gjeld på 1,9 milliardar kroner.
Målet er å vere ferdig med gjeldsforhandlingane i 4. kvartal 2020, ifølgje årsmeldinga til Havyard Ship Technology.

Dei store taper

Av dei store verftselskapa er det no berre tala for "gamle" Kleven, Kleven Prosjekt 401 as, som manglar for å vise korleis det gjekk med dei fire store i 2019.
Også i Kleven blei det vald ein modell der vidare drift vart flytta over i eit nytt selskap, som gjekk konkurs i juli.

Vard Group, Ulstein Verft og Havyard Ship Technology gjekk med tilsaman 2,5 milliardar kroner i underskot før skatt i fjor.


Publisert: 06.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03