Sunnmøre tingrett montasje stian solheim foto ogne skatteetaten berre 11
MEIR INNKREVING: Stian Solheim ved juridisk stab i divisjon innkreving i Skatteetaten fortel at innkrevinga no går som vanleg. Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i fleire selskap på nyåret, på bakgrunn av skattekrav. Foto: Ogne Øyehaug/Skatteetaten Berre
Nytt

«Koronaamnestiet» er over for bedriftene

Blikkenslagerfirma med moms- og skattegjeld mellom dei som er slått konkurs av Skatteetaten.

Marius Rosbach
02.02.2022

Styresmaktene har vore «snille» med å drive inn gjeld frå konkurstrua bedrifter etter at pandemien slo til, men no er «koronaamnestiet» definitivt over.

På nyåret har Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i fleire selskap som følgje av krav frå Skatteetaten.

Nær to millionar i gjeld
Manglande betaling av skatt og moms, gjorde at blikkenslagerfirmaet Kobi Ålesund, tidlegare Hevad, blei slått konkurs i tingretten måndag.

I rettspapira frå måndagens rettsmøte går det fram at skatteetaten har krevd konkursbehandling i selskapet som følgje av krav frå Skatteetaten på 1,75 millionar kroner.

I tillegg har firmaet ei leverandørgjeld på nokre hundretusen kroner.

Følgjer opp krav som vanleg
Fleira har peika på manglande inndriving av krav frå det offentlege, som ei forklaring til dei låge konkurstala dei siste to åra.

Seksjonssjef Stian Solheim ved juridisk stab i divisjon innkreving i Skatteetaten fortel at det var eit strakstiltak i ein akutt fase av pandemien.

– Skatteetaten beslutta i mars 2020 å ikkje sende konkursbegjæringar for ei periode og mange av dei allereie sendte begjæringane blei trekt, seier han til NETT NO.

– I tida etterpå har Skatteetaten gradvis gjenoppteke innkrevingsarbeidet. No behandlar Skatteetaten konkursar som vanleg, og gjer ei konkret vurdering i den enkelte sak, legg han til.

Innkrevinga blei sett i gong att i haust, og arbeidet er no i normalt gjenge.

Mange konkursar i bygg- og anlegg
På nyåret har det vore ei auke i konkursar, men i koronaråka bransjer er det framleis få bedrifter som går over ende.

Firma knytt til bygg- og anleggsbransjen har vore på konkurstoppen på Nordvestlandet etter at pandemien slo til.

Blikkenslagerfirmaet som blei slått konkurs i tingretten i Ålesund denne veka har dreve verksemd på private og offentlege bygg over store delar av Sunnmøre dei siste åra.

Fleire år med underskot
Rekneskapa til firmaet som inntil i haust heitte Hevad, viser at økonomien har vore svak over fleire år. Årsrapporten frå 2020 viser at eigenkapitalen er tapt.

Selskapet er tidlegare registrert med opptil seks tilsette, men det er ingen tilsette i selskapet i dag. Det skal heller ikkje vore drift i selskapet sidan i fjor sommar. I åra 2018 til 2020 omsette firmaet for mellom 5,5 og 6,6 millionar kroner, men resultatet enda med eit samla underskott på nærare éin million.

Vanskeleg å drive inn fordringar
Styreleiar og eigar motsette seg ikkje konkurs i tingretten.

Han forklarte at firmaet har uteståande fordringar på kring halvannan million kroner, men at det har vore krevjande å få inn pengane. Det skal ikkje vere andre verdiar i selskapet.

Bustyrer for konkurssaka er Mari Vik-Slettvoll og første skiftesamling er 28. mars.

Publisert: 02.02.2022 05:55

Sist oppdatert: 04.02.2022 09:51

Mer om