Fekk selt bustadsatsing etter byggekonkurs
OMFATTANDE BUARBEID: Selskapet Nordbohus Ålesund gjekk overende i desember 2018. Først no er buet gjort opp etter konkursen som mellom anna var forårsaka av satsinga på bustadprosjektet Gjerdegarden i Sula. Illustrasjon: Skjermfoto frå prospektet
Nytt

Berre dekning for 1,9 av 44 millionar

Konkurssaka etter Nordbohus-selskap i Ålesund er avslutta etter meir enn tre år.

Marius Rosbach
21.01.2022

Bubehandlinga av konkursen etter Nordbohus Ålesund har teke usedvanleg lang tid. Førre veke kunne Brønnøysundregistera melde at bubehandlinga var avslutta etter meir enn tre år.

Den siste rapporten frå bustyrar Anne Hovde viser at kreditorane fekk dekning for knappe 1,9 millionar av krava på til saman 44,4 millioner kroner.

Det var i desember 2018 leiinga i Nordbohus-selskapet i Ålesund melde oppbud. Same dag blei namnet endra til Te&Prosjekt AS, for å beskytte kjedenamnet.

Måtte vente på søksmål

Konkurssaka er mellom dei mest omfattande i regionen dei siste åra, og buet har brukt meir enn 300 timar på saka.

Det er berre ei av årsakene til arbeidet har teke lang tid. Ein anna årsak er at eigarselskapa i Nordbohus-selskapet gjekk til søksmål mot sin tidlegare bankforbindelse DNB i saka, fordi dei meinte banken var skuld i konkursen.

Bustyrar skriv også undervegs i ein av sine beretningar at det har teke «usedvanleg lang tid» å få saka behandla i Oslo tingrett. Hovde antek at det skuldast koronasituasjonen.

Tingretten avviste søksmålet i fjor, og dermed kunne saka bli sluttbehandla.

Gode prognoser året før
Året før konkursen hadde ferdighusforhandlaren med 17 tilsette ei omsetning på 101 millionar. Drifta gjekk med overskot, men både fordringar og gjelda hadde auka.

Prognosene for det komande året på det tidspunktet var gode, ifølgje årsrapporten 2017. Det blir likevel påpeika at oppstart av større prosjekt har vore kapitalkrevjande og at året har vore utfordrande.

Peikar på manglande finansiering
Burevisor skriv i sin rapport etter konkursen at manglande finansiering av pågåande prosjekt – og etter kvart dårleg likviditet, er hovudårsaka til at selskapet gjekk overende.

– Dette gjorde at planlagde prosjekt ikkje lot seg gjennomføre, og at pågåande prosjekt blei avslutta, eller realisert med tap, er konklusjonen.

NETT NO har tidlegare omtalt at auka kostnader ved byggeprosjektet Gjerdegarden med 41 bustader i Sula, var mellom dei avgjerande årsakene til konkursen. Buet fekk selt prosjektet, som gjorde at mellom anna pantekrav blei dekka.

Banken stoppa finansiering
Bustyrer Anne Hovde seier seg samd i vurderinga til burevisor i sine rapportar. Ho er kritisk til at inntektene for prosjekt er teke tidleg i rekneskapsåra før konkursen.

Då DNB stoppa ny finansiering til selskapet fordi dei ikkje fann rapporteringa truverdig, var likviditetskrisa eit faktum. Innskot av ny kapital frå morselskapet Pål Søvik Holding og store kostnadskutt sommaren 2018, var ikkje nok til å hindre konkursen.

Buet har ikkje funne grunn til å mistenke noko straffbart i samband med konkursen og selskapet er no sletta.

Publisert: 21.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 20.01.2022 19:39

Mer om