Selje-selskapet Paneda er gjennom sine eigenutvikla system ansvarleg for DAB-dekninga i meir enn 200 norske tunnelar.
No er selskapet også sterkt involvert i DAB-dekninga frå Stortinget.
Det er Kulturbørsen som har starta lokale DAB-sendingar frå Oslo, og her kan ein blant anna høyre møta frå Stortinget direkte, med lyd og bilde.
Teknisk partner
Paneda er teknisk partner i Kulturbørsen og Jærradiogruppen sine DAB-utbyggingar.
Dette opplyser Paneda på si heimeside.
Sandnes-baserte Kulturbørsen fekk i 2020 tildelt frekvensane for lokal DAB i Oslo, Asker og Bærum.
Paneda omsette i 2020 for 22,3 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 8,9 millionar.
(saka held fram under tabellen)
Paneda | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 22,3 | 22,7 | |
Driftsresultat | 8,9 | 8,4 | |
Resultat før skatt | 8,9 | 8,4 |
Australia, Bulgaria og Færøyane
Paneda har nyleg også inngått ein langsiktig avtale med Agile Partners for å byggje ut DAB-system i Australia.
Tidlegare i år vart Paneda partner for utbygging av DAB-radio i Bulgaria i regi av Fresh Media Radio Group, og i januar i år avslutta Paneda installasjonen av FM-radio med UHF basestasjon i den 11,2 kilometer lange undersjøiske tunnelen mellom Skálafjørður og Tórshavn på Færøyane.
Selje-selskapet er eigd 61,4 prosent av Oddvar Flølo, 22,8 prosent av dagleg leiar Geir Gjørsvik og 15,6 prosent av Tom Ludvik og Sølvi Joensen.
Eigarane kunne for 2020 ta ut eit utbyte på 5,8 millionar kroner.
Publisert: 29.06.2021 13:13
Sist oppdatert: 29.06.2021 11:16