Pe Bjørdal nybygg foto marius 11
MANGE MISSER JOBBEN: Fleire enn 75 tilsette står i fare for å misse jobbane sine etter konkursen i PE Bjørdal. Foto: Marius Rosbach
Nytt

PE Bjørdal er konkurs

Fleire enn 75 tilsette blir ramma etter at Ørsta-selskap melder oppbod.

Marius Rosbach
24.05.2023

PE BJørdal i Hovdebyda melder oppbud, ifølgje Møre-Nytt.

Avisa skriv at dei tilsette fekk vite om konkursen på eit allmøte onsdag. Samla sett er det fleire enn 75 tilsette som blir ramma av konkursen.

Dagleg leiar Bjørn Meek stadfestar til avisa at selskapet melder oppbod.

- Dette betyr at mange vil bli ramma som følge av stopp i all aktivitet i dagens PE Bjørdal As, heiter det i eit skriv frå styreleiar Jan Sigve Søvik sendt av Meek.

Der forklarer dei bakgrunnen og korleis fiskeindustrileverandøren har vore gjennom fleire tøffe tak enn dei fleste det siste året.

Bortfall av marknaden i Russland, etter invasjonen i Ukraina, kostnadsauke og regjeringa sin innføring av lakseskatten, er blant årsakene som blir peika på.

NETT NO omtala for nyleg korleis leveransane til oppdrett i Norge i praksis har vore null, etter at forslaget om grunnrenteskatt blei lagt på bordet.

Negativ trend fortsatte
PE Bjørdal gjekk til oppseiingar mot slutten av 2022. I vinter omtala NETT NO korleis bedrifta hadde fått på plass ny kapital og hadde tru på vidare drift.

- Diverre fortsette den negative trenden i 2023 og fleire prosjekt måtte ta store tap og det vart klart for styret at ein måtte forsøke å finne meir langsiktige løysingar for å finne tid til å redusere aktivitet og størrelse til den nye kvardagen, skriv styreleiaren.

Styret skriv vidare at dei ikkje klarte å kome i mål, før dei nærma seg tidspunktet for at dei var pliktige til å melde oppbod.

Håpar å kunne oppstå att
- Det er derfor sterkt å beklage at Bjørdal i dag går inn i ein konkurs situasjon og at alle dei dyktige tilsette frå 24. mai 2023 ikkje lenger vil kunne fortsette å med å levere teneste og varer til kundane våre som tidlegare, heiter det i e-posten.

Til sist skriv styreleiaren at dei «håpar at Bjørdal i nær framtid igjen kan oppstå som ein trygg og god lokal arbeidsplass».

Håpar å kunne oppstå att
- Det er derfor sterkt å beklage at Bjørdal i dag går inn i ein konkurs situasjon og at alle dei dyktige tilsette frå 24. mai 2023 ikkje lenger vil kunne fortsette å med å levere teneste og varer til kundane våre som tidlegare, heiter det i e-posten.

Til sist skriv styreleiaren at dei «håpar at Bjørdal i nær framtid igjen kan oppstå som ein trygg og god lokal arbeidsplass».

Heile skrivet frå styreleiar Jan Sigve Søvik i PE BJørdal:

Etter fleire år med vekst, investeringar og stor aktivitet både nasjonalt og internasjonalt, såg styret i PE Bjørdal AS seg nøydt til å ta den tunge avgjersla om å begjære oppbod i selskapet. Dette betyr at mange vil bli ramma som følge av stopp i all aktivitet i dagens PE Bjørdal AS. Samla sett er det meir enn 75 tilsette som blir ramma av konkursen.

Grunnen til at selskapet har enda opp i ein slik situasjon er samansett. Ved inngangen av 2022 hadde selskapet ei rekordstor ordrebok, spesielt retta mot leveransar til fiskeri kundar i Russland men og mange andre større oppdrag innan fiskeri og akvakultur i Norge og utland. Russland sin angrepskrig i Ukraina i Februar 2022 endra dette bildet dramatisk og selskapet måtte raskt konstatere at dette ville få konsekvensar for både 2022 og 2023. Vidare opplevde ein utover 2022 ein sterk kostnads og pris auke innan alt frå energi til stål. 2022 vart også spesielt ved at meir eller mindre all ordreinngang innan akvakultur stoppa opp i løpet av hausten, noko som ein veit vart knytt opp imot innføring av grunnrente skatt på oppdrett av laks til sjøs. Diverre har bortfall av nye ordrar fortsatt vidare inn i og utover 2023. Dette saman med tapet av dei store kontraktane til Russiske fiskarar, gjorde situasjonen utan nye ordrar alvorlig og særs vanskelig å handtere for Bjørdal.

Selskapet fortok første nedbemanning i siste del av 2022 samtidig som selskapet blei tilført meir eigenkapital. Diverre fortsette den negative trenden i 2023 og fleire prosjekt mått ta store tap og det vart klart for styret at ein måtte forsøke å finne meir langsiktige løysingar for å finne tid til å redusere aktivitet og størrelse til den nye kvardagen. Diverre har ikkje selskapet klart dette innan rimelig tid og no i Mai såg styret at vi nærma oss det punktet der ein vart pliktige til å begjære oppbod.

Det er derfor sterkt å beklage at Bjørdal i dag går inn i ein konkurs situasjon og at alle dei dyktige tilsette frå 24 Mai 2023 ikkje lenger vil kunne fortsette å med å levere teneste og varer til kundane våre som tidligare. Bjørdal har alltid vore kjent for sin gode kvalitet på eigne leveransar og vi håpar at Bjørdal i nær framtid igjen kan oppstå som ein trygg og god lokal arbeidsplass med leveranse av gode produkt og tenester.

Publisert: 24.05.2023 15:35

Sist oppdatert: 25.05.2023 14:47

Mer om