Pe Bjørdal montasje Bjørn Meek Foto Ogne Marius 11
TØFF PERIODE: PE Bjørdal i Hovdebygda har hatt eit år som har vore fylt med utfordringar. Mykje er framleis usikkert fortel eigar og sjef Bjørn Meek, som likevel har nok å gjere til utpå våren. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Ny eigenkapital på plass for PE Bjørdal

Trur på positiv rekyl etter tøffe kutt – men opplever å bli straffa frå politisk hald.

Marius Rosbach
03.02.2023

PE Bjørdal har fått på plass betydeleg ny eigenkapital og administrerande direktør Bjørn Meek meiner dei no skal vere rusta for framtida.

– Bedrifta er styrka etter vellukka gjennomføring av ein retta emisjon. Vi har også hatt kundar som ønsker at vi kjem oss gjennom dette, og vil betale meir for prosjekt vi jobbar med, fortel Meek til NETT NO.

Utfordringar gjennom heile 2022
Fiskeindustrileverandøren har vore gjennom fleire tøffe tak enn dei fleste det siste året.

I fjor på denne tida såg det meste lyst ut for Ørsta-bedrifta. Så invaderte Putin Ukraina, som gjorde at heile den russiske marknaden forsvann. Etter at dei hadde jobba hardt for å erstatte desse oppdraga, og situasjonen var på veg tilbake til normalen, la regjeringa på bordet ei større skatterekning til bedriftene – inkludert lakseskatt.

– Vi hadde utfordringar gjennom heile 2022. Difor måtte vi også inn og styrke eigenkapitalen, seier han.

Er framleis majoritetseigar
Meek vil ikkje opplyse nøyaktig kor mykje pengar som kom på plass i emisjonen som blei registrert denne veka.

Då Novela Kapital gjekk inn i selskapet i 2020, var selskapet verdsett til 67 millionar kroner. Om verdivurderinga framleis er den same, har selskapet etter NETT NO si vurdering fått inn kring 25 millionar i ny eigenkapital.

Dei eksisterande eigarane har tilsvarande del av selskapet som tidlegare, ifølge Meek. Han er framleis majoritetseigar saman med Jan Sigve Søvik, via Meso Invest.

I mål med nedbemanning
På slutten av fjoråret gjekk Ørsta-bedrifta ut med nyheita om at dei måtte seie opp fleire tilsette. No har alle dei 23 som er råka, fått beskjed. PE Bjørdal-sjefen legg ikkje skjul på at det er tungt.

– Frå 1. april er det kring 70 tilsette som er med vidare. Vi håpar også å kunne tilby nokre av dei vi har sagt opp, nye jobbar om ikkje alt for lenge, legg han til.

Samtidig er han redd for at fleire då vil vere «tapt» til andre bransjar.

– Trur det kjem ein rekyl
Mykje er framleis usikkert for den meir enn 100 år gamle bedrifta. Men i dag har dei godt med arbeid i ordreboka til utpå våren.

Og sjølv om det er tøffe tider for augneblinken, meiner Meek sjansane er til stades for at det kjem ein god opptur i kjølvatnet.

– Eg trur det kjem ein rekyl. Marknaden må endre seg og produkta våre er etterspurt. Det vil vere behov for å prosessere sjømat, også etter at all denne uroa har lagt seg, seier han.

Frustrert over Ap-Sp-regjeringa
PE Bjørdal-sjefen legg ikkje skjul på frustrasjonen over Ap-Sp-regjeringa sin politikk, som han meiner legg stein til byrden i ein vanskeleg situasjon.

– Vi har ikkje teke utbytte i mi tid her og alt er investert tilbake i bedrifta. Det er titals millionar som er investert i administrasjonsbygg og maskinpark. Då er det fortvilande å oppleve at myndigheitene straffar oss, seier Meek.

Han peiker på at formueverdien på eigedom og maskinpark kjem på toppen av anna formue, som det igjen skal betalast personleg skatt av.

– Vi bedriftseigarar har ikkje anna enn vår eiga inntekt å betale skatt med. Og alternativet er å ta ut frå bedrifta til den ikkje kan meir. Det er ikkje noko god følelse, seier han.

Pe Bjørdal nybygg foto marius 11
STOR INVESTERING: PE Bjørdal har investert fleire titals millionar i nytt administrasjonsbygg i Hovdebygda. Dei tilsette flytta inn i fjor haust. Foto: Marius Rosbach
Mykje avhenger av lakseskatten
Å få på plass innretninga på grunnrenteskatten for oppdrett, vil vere eit solid skritt på vegen for å få kundar og investorar ned frå gjerdet.

Etter dei siste vekene signal om at den omstridde lakseskatten kan bli lågare enn frykta, er det teikn til meir aktivitet.

– Det er meir optimisme sjølv, men vi ligg eit lite stykke ut i verdikjeda. Det er framleis mykje som er usikkert, men vi er optimistar, seier Meek.

Publisert: 03.02.2023 12:41

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:21

Mer om