Bente Lund Jacobsen Gath sjef foto Ogne
ARBEIDSPLASSAR BORTE: Påtroppande Gath-sjef Bente Lund Jacobsen blir skal leie ein organsisasjon der mange medlemar har har opplevd ordretørke sidan i fjor haust. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

700 jobbar borte

Nedbemanning på grunn av lakseskatten.

10.05.2023

Bransjeorganisasjonen Gath har kartlagt nedbemanningane etter at regjeringa i september i fjor varsla at den ville auke skattlegginga av oppdrettsselskapa.

Svaret er at omlag 700 årsverk er blitt borte i Møre og Romsdal. Samla sett langs heile kysten er det snakk om mellom 2500 og 3000 årsverk som er borte i bedrifter som leverer utstyr og tenester til oppdrettselskapa, seier påtroppande dagleg leiar Bente Lund Jacobsen i Gath.

Gath er ei forkorting for Global Technology Tech Hub, og er ein bransjeorganisasjon for bedrifter som lagar utstyr, teknologiløysingar og leverer tenester til oppdrettselskapa. Hovudkontoret er i Ålesund, og organisasjonen har eit tyngdepunkt på Nordvestlandet.

Frå høg stemning til bråbrems
Gath sto mellom anna bak Gath-konferansen i Ålesund i starten av september i fjor, som samla både norske og utanlandske deltakarar.

Der var stemning høg og forventningane til vidare vekst store, men det tok slutt 28. september då regjeringa varsla at den vil innføre såkalla grunnrenteskatt for oppdrettselskapa frå 1. januar 2023, men vedta skatten først seinare i år.

Finanskomiteen i Stortinget skal avgi si innstilling om grunnrenteskatten 16. mai. Framlegget frå regjeringa ein ein skatt på 35 prosent i tillegg til den vanlege selskapsskatten på 22 prosent,.

Ordretørke
- Det er vekstmogleheiter som har stoppa opp, seier Bente Lund Jacobsen om konsekvensen av framlegget om auka skatt kombinert med uvisse om korleis skatten blir.

NETT NO har tidligare skrive at det ikkje er blitt bestilt nye brønnbåtar sidan finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre inviterte til pressekonferanse 28. september i fjor for å varsle at regjeringen ville innføre grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa.

Heller ikkje utstyrsleverandørane, mellom dei Bjørdal i Ørsta, Cflow i Sula og MMC First Process i Ålesund og Herøy, har fått oppdrag om å lage nytt utstyr til oppdrettsselskapa etter 28. september 2022.

Nordvestlandet har den nest største konsentrasjon av sysselsette i bedrifter som leverer varer, utstyr og tenester til oppdrettsselskapa, ifølgje ein rapport analyseselskapet Menon Economics laga til Gath-konferansen i fjor.

Menon berekna også dei samla ringverknadane frå aktiviteten hos Gath-medlemane til å omfatte 2400 sysselsette, som er summen av eigne tilsett og leverandørar til Gath-bedriftene.

Nestan 2000 av dei jobbane var i Møre og Romsdal.

Publisert: 10.05.2023 14:44

Sist oppdatert: 10.05.2023 14:44

Mer om