Per Saevik tok ein Christian Michelsen
SANDANE: Konferansier Eivind Heløe ville vite med Per Sævik om Sævik hadde eit råd til KrF om partiet skulle sjå mot venstre eller høgre, men Sævik tok ein Christan Michelsen frå 1905.
Nytt

Per Sævik tok ein Christian Michelsen

- No gjeld det å halde kjeft, sa Per Sævik då han vart spurt om kva retningsval KrF skulle ta.

27.09.2018
Det var under Kraft i Vest-konferansen på Sandane at konferansier Eivind Heløe, direktør i Energi Norge, spurte KrF-mannen Sævik om han hadde eit råd til KrF i politisk vegval.
Spørsmålet kom etter at Ap-leiar Jonas Gahr Støre hadde rosa Havila og Per Sævik på satsing på miljøvenleg teknologi, og i tillegg rosa Sævik som forretningsmann.
- Her fiska vel Støre litt, spurte Heløe, og bad Sævik gi KrF eit råd.
Per Sævik viste til at generalsekretær Hilde Frafjord Johnson i KrF har bede om at partiets retningsval vert avgjort i landsstyret, og ikkje gjennom diskusjon i media.
- Eg trur eg seier som Christian Michelsen i 1905; no gjeld det å halde kjeft, sa Sævik, til stor latter frå dei 300 i salen under den store kraftkonferansen (Christian Michelsen var statsminister i 1905, og under unionskrisa i 1905 kom Michelsen med dette svaret etter at Bjørnstjerne Bjørnson hadde sagt at no gjeld det å halde saman, red merk).

Ferjefri E39

Per Sævik vart også spurt om han trudde ferjefri E39 mellom Stavanger og Trondheim kom til å verte ein realitet.
- Svaret er ja, for det har Stortinget bestemt, men klokeleg nok har ikkje Stortinget sagt kva tid det skjer, sa Sævik.
Under konferansen fortalde Sævik om miljøsatsingane til Havila Kystruten, Fjord1 og Widerøe.

Frå segl til damp

Han samanlikna teknologiskiftet som no skjer med overgangen frå segl til dampskip for 100 år sidan.
- Det var mange som ikkje trudde på dette skiftet, og i staden kjøpte opp seglskip, og tok grundig feil.
- Den som i dag ikkje følgjer med i utviklinga vil vakne til ein blåmandag som han ikkje kan handtere, sa Sævik.

I front på teknologi

Han viste til at Widerøe sitt nye jetfly er 17 prosent rimelegare på drivstoff enn dagens fly.
Han fortalde om den store satsinga på batteriferjer, og Havila Kystruten sin satsing på miljøvenlege framdriftsløysingar.
- Vi er store på transport, og då skulle det berre mangle om vi ikkje også var i front på miljøteknologi, sa Sævik.

Store invsteringar

Han viste til at omlegginga kosta.
- På topp vil Fjord1 ha forskottert 700-800 millionar til ladetårn for dei nye ferjene, og innan tre-fire år vil halvparten av den norske ferjeflåten vere elektrifisert.
Når det gjeld dei fire nye skipa til Havila Kystruten, har selskapet investert 500 millionar kroner i batteri- og LNG-løysingar.
- Myndigheitene snakkar om utsleppsfrie Verdsarvfjordar i 2026. Vi kan klare det allereie i 2021, sa Sævik.

Vil ha strengare krav

Han meinte at styresmaktene burde ha stilt endå strengare klimakrav.
- Ja, faktisk ser det no ut til at våre nye miljøvenlege skip vil få lavare statsstøttetilskot enn 27 år gamle skip frå Hurtigruten.
- I dag kan ein oppfylle krava med moderne dieselmotorar. Det bør vere strengare krav enn det, sa Sævik.
Den som i dag ikkje følgjer med i utviklinga vil vakne til ein blåmandag som han ikkje kan handtere

Publisert: 27.09.2018 16:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26