Planlegg boelgjekraftverk comeback ved Runde f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328
KONGEN KOM: Waves4Power-sjef Jonas Kamf (t.h.) med H.M. Kong Harald og Arthur Peterson Kiefer i Fosnavåg under den offiselle opninga av bølgjekraftverket til Waves4Power ved Runde i september 2017. Peterson Kiefer var med på opninga etter å ha vunne ein teiknekonkurransen om framtidas bølgjekraftverk.
Nytt

Planlegg ny bølgekraft-bøye ved Runde

Kong Harald opna bølgekraftverket ved Runde for sju år sidan, men selskapet bak var ikkje heilt i mål. No prøver Waves4Power på nytt.

19.06.2024

- Målet er så snart som mogleg å få ei ny bøye i gang i Noreg, seier dagleg leiar Jonas Kamp i Waves4Power AB.

I Noreg er framleis Runde førstevalet for plassering av den nye bøya.

I 2017 var det stor markering av at den første bøya til selskapet var i gang med å produsere kraft av bølgene ved Runde. Det blei straum av det, men selskapet kom til at bøya måtte vidareutviklast før den kunne bli eit kommersielt produkt.

Prinsippet er framleis at ei pumpemekanismen inne i bøya skal produsere straum av bølgene, men skroget til den nye bøya skal byggast i kompakt polyetylen og ikkje i stål. Det fjernar eit potensiell korrosjonsproblem og reduserer samstundes vekta per bøye frå 75 til 48 tonn.

Lang tid
Utviklinga av neste generasjon bøye har tatt fleire år lengre enn selskapet hadde venta og selskapet treng også å kome i mål med kapitalinnhentinga selskapet arbeider med, for kunne bygge og teste den nye bøya.

Målet er at ei ny bøye ved Runde skal gi erfaringa som selskapet kan bruk til å justere bøye, før det også blir plassert tre slike bøyer i Indonesia og 12 i Sør-Afrika.

Dei 16 bøyene blir saman eit pilotprosjekt - som selskapet håper gir grunnlag for ein kommersiell produksjon.

Skulle produserast på Fiskåholmen
Per i dag er det liten aktivitet i Waves4Powersitt norske datterselskap Waves4Power as. Kamf seier at planen er at det norske selskapet skal få meir å gjere om selskapet får gjennomslag i marknaden, mellom anna inn mot norske leverandørar og samarbeidspartnarar.

Då planen var å bygge bøyene i stål hadde Waves4Power ein avtale med den mekaniske industribedriftet Stryvo i Stryn, som skulle produserer bøyene i industranlegget i på Fiskåholmen, der Prodtex Industri held til fram til konkursen i starten av juni i år.

Waves4Power as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt0,4
Driftsresultat-0,4-0,04
Resultat før skatt-0,4-0,04

Publisert: 19.06.2024 05:00

Sist oppdatert: 18.06.2024 17:23

Mer om