
Pluss på fiskeri, tap på industri
Tresifra millionoverskot i Lerøy Havfisk, tresifra millionunderskot i Lerøy Norway Seafoods.
Fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk og fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods er søsterselskap i Lerøy Seafood Group-konsernet.
Fiskebåtreiarlaget, med 10 trålarer og hovudkontor i Ålesund, er ein viktig leverandør til fiskerindustriselskapet, men lønsemda er vidt forskjellig.
Pluss i 2012
Sist Lerøy Norway Seafoods gjekk i pluss var i 2012. Då blei resultatet før skatt 3,9 millionar kroner.
Frå og med 2017 har underskotet vore på over 100 millionar kroner kvart år, og 2023 vart ikkje noko unntak (sjå tabell).
"Lerøy Norway Seafoods har lag bak seg et utfordrende år med ekstremt krevende rammebetingelser, Nok et år med reduksjon i torsekvote førte som forventet til en økning i råstoffpris, men økningen ble betraktelig høyere enn forventet. Bortfall av MSC-godkjenning for kysttorsk, krig og svekket kjøpekraft i Europa er faktorer som har medvirket til de vanskelige markedsforholdene og reduserte marginer", skriv Lerøy Norway Seafoods i årsmeldinga for 2023.
Selskapet driv i dag i alt 10 fiskeforedlingsanlegg/-mottak i Nord Noreg og har gjennomført ei rekkje tiltak for å få til lønsemd:
I år starta selskapet klippfiskproduksjon på anlegget sitt i Hammerfest, fiskegratengproduksjon på anlegget i Stamsund, og utbetra anlegget i Båtsfjord - mellom anna med ny teknologi i filetproduksjonen.
Fiskemottaket, på Kleppstad i Lofoten vart avvikla i fjor. Eit nytt produksjonssystem som vart innført på anlegget i Melbu i Vesterålen i 2018/2019, gjorde at anlegget i fjor gjekk i pluss for første gang på fleire år, ifølgje årsmeldinga.
Ned frå 1,5 til 1,4 millionar
Trass i reduserte torskekvotar vart 2023 likevel eit godt år for Lerøy Havfisk (sjå tabell under).
Gjennomsnittsutbetaling av lønn, lott og hyre gjekk berre ned frå 1,5 til 1,4 millionar kroner, går det fram av årsmeldinga.
Torsk utgjorde 26 prosent av volumet som vart fiska, men sto for 48 prosent av inntektene.
I år er torskekvoten ytterlegare redusert, og havforskarene sitt råd for neste år er ytterlegare store kutt.
Les også
Havforskarne ser ikkje teikn til eit raskt oppsving i torskekvotane.
Bransjeorganisasjonen Fiskebåt vil ha nye tiltak for å få torskekvotene opp igjen.
Den norsk-russiske forskargruppa vil kutte torskekvota med 31 prosent frå 2024 til 2025.
Lerøy Havfisk as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 2115,4 | 2045,0 |
Driftsresultat | 446,6 | 512,8 |
Resultat før skatt | 386,1 | 476,2 |
Lerøy Havfisk Norway Seafoods as | ||
Tal i mill, kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 1310,8 | 1438,6 |
Driftsresultat | -211,3 | -179,1 |
Resultat før skatt | -207,6 | -189,4 |
Publisert: 09.08.2024 11:50
Sist oppdatert: 16.08.2024 03:11