Pris for bedriftsutvikling til Sunnmørsmat
Egg- og kjøtprodusenten på Haramsøya reiste seg etter dramatisk gardsbrann. Sidan har dei levert i pluss kvart år – og no er dei heidra med pris.
Sunnmørsmat AS på Haramsøy er tildelt bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal. Det er Innovasjon Norge som delar ut prisen til bedrifta med lidenskap for lokal mat.
Haram-bedrifta har utvikla merkevarene Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt, som Sunnmørsmat AS både sel og marknadsfører for gardar som selskapet samarbeider med. Dei leverer også til daglegvarer og restaurantar.
Aukar innteninga til gardane
Målet er at gardane som dei samarbeider med skal auke innteninga.
Dagleg leiar Rune Haram fortel til NETT NO at det er 12-15 personar som på eit eller anna vis er involvert i drifta her i Norge, gjennom produsentane, salsselskap og distribusjon.
– Vi har vore forsiktige med å ta ut lønn og utbytte, og vore bevisst på å drive med ein fornuftig margin. Vi skal skape ei merkevare og meirverdi både for produsentane og oss - og bygge opp selskapet vidare, fortel han.
Det har gjort at bedrifta sjølv har levert aukande overskott kvart år sidan oppstarten i 2014.
Garden brann ned
Lokalmatproduksjon kan vere ei utfordring stor nok i seg sjølve, men ein dramatisk brann for litt over fem år sidan var nær ved å knekke draumen.
– Hønsehuset brann ned og det var nære på at brannen spreidde seg til fleire bygningar. Eg var langt nede den sommaren, men etter ein ferietur starta vi å rydde og planlegge nytt, fortel han.
I løpet av 11 månader var nytt hønsehus på plass og produksjonen i gong. Sidan har det berre gått oppover.
Les også: Lokalmatportal: – Alle pilar peiker opp
Landbruksgründer jobbar med England-lansering
Ikkje berre råvareleverandør
Haram er oppteken av samarbeidsmodellen dei har utvikla saman med Nortura. Han fortel at dei samhandlar med samvirke ut over berre å vere råvareleverandør.
– Eg er òg svært oppteken av at bonden må få større marknadskontakt, noko me får til med denne modellen. Samtidig bidreg det til større volum gjennom den bondeeigde samvirkeindustrien, noko som vil bidra til lågare kostnader, uttalar han i pressemeldinga frå Innovasjon Norge.
Bjarne Øygard i Innovasjon Norge fortel at det er fire bruk som har fått ei fin auke i sine økonomiske resultat som følgje av modellen.
– Kombinasjonen av økonomisk resultat, forskingsarbeid, strategisk posisjonering og samfunnsengasjement gjer Sunnmørsmat AS til ein verdig vinnar av prisen i 2019, fortel Øygard.
Egg, kjøt og sosialt engasjement
Sunnmørsegga som blir selt i daglegvarebutikkar er laga lokalt med naturleg og eigenutvikla fôr.
Produksjonen av det grasfôra kjøtet kjem etter eit treårig forskings- og utviklingsprosjekt bedrifta gjennomførte i perioden 2011 til 2013, i samarbeid med mellom anna Nofima Mat.
Bedrifta har også eit sosialt engasjement. Gjennom hjelpeorganisasjonen Johooo på Zanzibar bidreg dei til at lokale kvinner får hjelp til å bygge opp eit nettverk innan eggproduksjon med turistindustrien som marknad.
– Her har vi allereie eit hønsehus i drift og vi har planar om å bygge opp meir enn 100 arbeidsplassar. Der er det kapital som er utfordringa, medan tilgangen på arbeidskraft er stor, seier han.
Les også: - Interessa for lokalmat har eksplodert
– Landbruket kan vere ein marknad for mange bedrifter
Vi skal skape ei merkevare og meirverdi både for produsentane og oss - og bygge opp selskapet vidare
Publisert: 13.11.2019 13:42
Sist oppdatert: 19.04.2022 13:23