Pris til Gloppen hotell for norsk meny
PRIS: Gloppen Hotel på Sandane får pris for å satse på lokale råvarer.
Nytt

Pris til Gloppen hotell for norsk meny

Gloppen hotell på Sandane i Nordfjord får heider for ein meny som er heilt på norsk. 

30.10.2014
(NPK): Prisen «Norsk på menyen» er på 25.000 kroner og blir delt ut av organisasjonen Matmerk i samarbeid med Innovasjon Noreg.
Prisvinnarane var svært nøgde, og forklarer kva som ligg bak:
– Me har berre lokale råvarer, og har eigne bønder som leverer alt av kjøt til oss. Fisken får me lokalt, og alt av bær, frukt og urter er lokalt, fortel kjøkkensjefen på Gloppen hotell, Bodil Fjellestad Eikrem, til Nynorsk pressekontor.

Spisskammers utanfor døra

– Me bur jo midt i spisskammerset i Gloppen. Me kan peika ut av vindauget og visa kvar råvarene våre kjem ifrå, legg ho til. På hotellet er det ikkje berre innhaldet i menyen som er lokalt og norsk.
– Me er opptekne av å bruka norske faguttrykk, ikkje franske. Viss bestemor kjem, skal ho vita kva ho et, seier Fjellestad Eikrem.
På menyen er hotellet oppteken av å inkludera namnet på leverandørane. Då får dei ei stoltheit over det dei leverer, og hotellet får topp kvalitet, meiner kjøkkensjefen.
Prisvinnarane ser no fram til å bruka prispengane på kursing og studieturar.
– Me kan læra mykje av å reisa rundt og sjå korleis andre driv, fortel Fjellstad Eikrem.
Me er opptekne av å bruka norske faguttrykk, ikkje franske

Publisert: 30.10.2014 16:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38