Prodtex Hans Olav Rovde Foto Marius 11
FLEIRE TILSETTE: Plasssjef Hans Olav Rovde ved Prodtex treng fleire tilsette i i produksjonen på Fiskåholmen i Vanylven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Prodtex veks på nye område

Treng ei rekke nye tilsette og siktar mot ei omsetning på 200 millionar.

Marius Rosbach
05.04.2023

Industrisatsinga i Prodtex-selskapa har fullt opp å gjere og søker i desse dagar etter kring 20 nye tilsette på ei rekke område.

- Vi held på å bygge ei ny bru no, og i tillegg har vi ein del andre aktivitetar som vi treng folk til, fortel forretningsutviklar Tore Roppen til NETT NO.

For å handtere veksten i arbeidsoppgåvene treng dei mellom anna 8-10 robotoperatørar, automasjons- og produksjonsingeniørar og arbeidsleiarar på ulike område. Dei er også ute etter lagerfolk, elektrikar og administrasjonsmedarbeidar.

Ventar omsetning på meir enn 200 millionar
Prodtex består av fleire selskap. Størstedelen av veksten med nye tilsette skal skje i Prodtex Industrier som har produksjon på Fiskåholmen i Vanylven.

Selskapet har hovudkontor og teknologiutvikling i Ulsteinvik – og er deleigar i Prodtex Design & Engineering som jobbar med industridesign frå Ålesund.

- Vi kjem til å ha god aktivitet ut året og samla sett har Prodtex-selskapa eit budsjett på over 200 millionar kroner i omsetning i år, fortel Roppen.

Kan bli langt fleire tilsette
I dag består Prodtex av kring 25 tilsette og med «full klaff» på rekrutteringa dei jobbar med no, kan dei ende opp i kring 45 tilsette i løpet av den komande tida.

- Eg meiner vi sa at vi ville kome opp i 20-30 tilsette når vi kom skikkeleg opp å gå. Det er om lag der vi er no, seier Roppen.

- Det blir veldig spennande å sjå kva som kjem inn, legg han til om stillingane dei no har ute.

Prodtex montasje åfjord bru frakta montering foto prodtex 11
FISKÅHOLMEN: Prodtex lagar store brudelar med avansert robotsveising i den store industrihallen på Fiskåholmen. Foto: Marius Rosbach

Veks på anna enn brubygging
Prodtex satsar mellom anna på brubygging ved hjelp av nyutvikla robotsveising. Dei har sikra seg fleire utviklingskontraktar med vegvesenet på mindre bruer dei siste åra. I fjor konkurrerte Prodtex om sitt første større prosjekt - Ramfjord bru i Troms - saman med ein kinesisk aktør, men nådde ikkje opp.

Roppen fortel at dei likevel har vekst grunna auka etterspurnad på andre område.

- Vi har vridd aktiviteten meir mot andre segment enn bruer. Det dreier seg om andre type stålkonstruksjonar, både flytande og ikkje flytande, seier han.

Vi har vridd aktiviteten meir mot andre segment enn bruer
Tore Roppen

Meiner fleire ser verdien av automasjon
Automasjon er eit anna vekstområde for Prodtex, og dei merkar auka etterspurnad frå bedrifter som vil effektivisere produksjonen.

- Vi har merka ei markant endring dei siste månadene, til eksempel på automatiserte produksjonsceller med sveise- og handteringsutstyr, fortel Roppen.

Forretningsutviklaren meiner det både er eit resultat av at fleire ser verdien av å automatisere, og at dei har styrka salsarbeidet på området.

Publisert: 05.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 14.04.2023 17:28

Mer om