Prodtex mai 2021 illustrasjon robot foto Marius
FISKÅHOLMEN: Prodtex lagar store brudelar med avansert robotsveising i den store industrihallen på Fiskåholmen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bruinntektene har starta å kome

Dei 25 personane som jobbar i Prodtex-selskapa vil gire opp fleire hakk om neste prosjekt dei siktar mot kjem i boks.

Marius Rosbach
23.07.2022

Prodtex som mellom anna satsar stort på brubygging ved hjelp av robotsveising, har i desse dagar ei roleg periode med avvikling av ferie. Men om få veker vil det vere hektisk aktivtet med produksjon av element til den nye brua i Sunndal som skal gå over Driva-elva på riksveg 70.

– Vi skal også få på plass den første bilbrua frå Prodtex på riksveg 3 i Østerdalen, fortel forretningsutviklar Tore Roppen til NETT NO.

Den første brua frå Fiskåholmen kunne bli slept sjøvegen i 22 meter lange delar sjøvegen til montering i Trøndelag.

– No må dei fraktast som byggesett til Østerdalen. Der vil vi bruke ein ny metode for å skøyte stålbruer i monteringa, fortel Roppen.

(saka held fram under)

Prodtex tore roppen sigbjørn nordstrand foto marius
ULSTEINVIK: Forretningsutviklar Tore Roppen (t.v.) og dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand i lokala i Ulsteinvik, der mesteparten av teknologiutviklinga skjer. Foto: Marius Rosbach

– Kjem til å trenge fleire folk
Til saman er det no nær 25 tilsette i arbeid i dei ulike selskapa som utgjer Prodtex-satsinga med hovudkontor i Ulsteinvik.

Her jobbar Prodtex As med å utvikle robotceller og teknologi, medan Prodtex Industrier har produksjon på Fiskåholmen i Vanylven. I tillegg eig selskapet kring ein tredel av selskapet Prodtex Design & Engineering som jobbar med industridesign frå Ålesund.

– Vi kjem til å trenge fleire folk og vi vurderer fortløpande korleis vi skal handtere rekrutteringa, fortel dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand.

Han reknar med at det vil vere behov for fleire tilsette både i bruproduksjonen i Vanylven og til avdelinga i Ulsteinvik.

(saka held fram under)

Prodtex montasje åfjord bru frakta montering foto prodtex 11
STORE DIMENSJONAR: Til Åfjord bru i Trøndelag vart 20 meter lange delar frakta sjøvegen. Til det neste bruprosjektet i Østerdalen må ein nytte landevegen. Foto: Prodtex

Har langt større kapasitet
Dei tre selskapa har samla omsett for kring 90 millionar kroner dei to siste åra. Drifta har gått om lag i balanse. Framleis er store delar av verksemda å betrakte som forsking og utvikling.

– Utviklinga er som venta, og vi har brukt tida på teknologiutvikling og å bygge opp fabrikken på Fiskåholmen. Vi har framleis lågt belegg samanlikna med kva vi ser for oss at kapasiteten vil vere i eit normalår framover, legg Roppen til.

(saka held fram under)

Prodtex ramfjordbrua illustrasjon statens vegvesen 22
900 METER LANG: Ramfjordbrua ved Tromsø er ute på anbod i desse dagar. Om Prodtex får jobben, blir det den klart største jobben til selskapet så langt. Illustrasjon: Statens Vegvesen

Kjempar om bygge 900 meter lang bru
No kryssar selskapet fingrane for at dei hankar inn det neste prosjektet dei kjempar om: Den nær 900 meter lange Ramfjordbrua i Tromsø for Statens Vegvesen.

Det vil i tilfelle vere det første større prosjektet deira - og kan fleirdoble omsetninga. Under Investormatch i Ålesund tidlegare i år fortalde Roppen at oppdraget kan bety ei omsetning på kring 400 millionar kroner.

Om det kjem i boks, vil har selskapet varsla at det truleg er aktuelt med ein emisjon.

Pilotprosjekt med hydrogentank
Prodtex vurderer fleire marknader for produksjonsmetodane deira.

Vindturbinar til havs er ein stor marknad som kan vere aktuell. Også oppdrettsanlegg og andre konstruksjonar i stål kan vere områder å gå inn på.

Prodtex er allereie i gong med sitt første prosjekt med tankar til hydrogenmarknaden. NETT NO omtalte tidlegare i år planane til det Trondheim-baserte selskapet IC Technology, om å lage modulbaserte drivstofftank for LNG og flytande hydrogen til skip og båtar.

Det vil dei gjere i samarbeid med Prodtex og utviklingsprosjektet er i gong på Fiskåholmen.

Prodtex er også involvert i forarbeida til store fjordkryssingsprosjekt på E39, men førebels er det eit stykke arbeid som står att før selskapet kan konkurrere om dei verkeleg store prosjekta.

Prodtex As

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
14,7
25,7
Driftsresultat
0,1

1,7

Resultat før skatt
0
1,7

Prodtex Industri As

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
24,3
16,8
Driftsresultat
0,2

1,2

Resultat før skatt
-0,2
1

Prodtex Design &Engineering

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
5,6

3,3

Driftsresultat
1,2

0,2

Resultat før skatt
1,3
0,2

Publisert: 23.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 22.07.2022 23:38

Mer om