- Ja, for ankerhandterar byrjar det å verte få tilgjengelege båtar, samstundes som riggaktiviteten aukar. Det ser ut til at vi kan få ein bra periode framover.
Det seier Havila Shipping-direktør Njål Sævik.
Måndag leigde selskapet ut ankerhandteraren Havila Jupiter til Aker BP på rater til 265.000 kroner per dag.
Båten kom då frå eit oppdrag for Cosl Drilling der raten berre var på 80.000 kroner.
- Auken er gledeleg, og om vi klarer å ha litt disiplin og ikkje ta ut for mange båtar for fort, kan vi i alle fall klare å betjene gjeld med slike rater, seier Sævik.
Han seier at reine driftskostnader for ankerhandterarar gjerne ligg på nærare 100.000 kroner døgnet.
- Då seier det seg sjølv at desse båtane må vere i nokså kontinuerleg aktivitet, sjølv med dagens rater.
Mellom anna fekk Havila Shipping 1,2 millionar kroner i døgnet for ein jobb Havila Jupiter gjorde for britiske Premier Oil i februar 2016.
- Det er ingen grunn til å juble for mykje, men vi får glede oss over dei teikn til betring vi ser, seier Sævik.
I tillegg til ratehoppet for Havila Jupiter, har Siem Offshore slutta avtale for Siem Opal med Statoil. Her er raten 250.000 kroner.
Dette er eit arbeid som varer rundt ein månad, og av dei som har fått kontrakt er Olympic-Shipping med Olympic Zeus.
Dei øvrige båtane som skal delta i operasjonen er Normand Ranger og Normand Prosper frå Solstad Farstad, Scandi Iceman, Skandi Vega og Skandi Skansen frå DOF og Siem opal frå Siem Offshore.
Det seier Havila Shipping-direktør Njål Sævik.
Måndag leigde selskapet ut ankerhandteraren Havila Jupiter til Aker BP på rater til 265.000 kroner per dag.
Båten kom då frå eit oppdrag for Cosl Drilling der raten berre var på 80.000 kroner.
- Auken er gledeleg, og om vi klarer å ha litt disiplin og ikkje ta ut for mange båtar for fort, kan vi i alle fall klare å betjene gjeld med slike rater, seier Sævik.
Han seier at reine driftskostnader for ankerhandterarar gjerne ligg på nærare 100.000 kroner døgnet.
- Då seier det seg sjølv at desse båtane må vere i nokså kontinuerleg aktivitet, sjølv med dagens rater.
Langt frå toppen
Trass ratehoppet siste dagane, er det langt att til nivåa då ratene var på topp.Mellom anna fekk Havila Shipping 1,2 millionar kroner i døgnet for ein jobb Havila Jupiter gjorde for britiske Premier Oil i februar 2016.
- Det er ingen grunn til å juble for mykje, men vi får glede oss over dei teikn til betring vi ser, seier Sævik.
I tillegg til ratehoppet for Havila Jupiter, har Siem Offshore slutta avtale for Siem Opal med Statoil. Her er raten 250.000 kroner.
Olympic Zeus-oppdrag
I tillegg opplyser Subsea 7 tysdag at ein vil leige inn sju ankerhandterarar til ut-tauinga av Aasta Hansteen-plattforma, eit arbeid som startar 7. april.Dette er eit arbeid som varer rundt ein månad, og av dei som har fått kontrakt er Olympic-Shipping med Olympic Zeus.
Dei øvrige båtane som skal delta i operasjonen er Normand Ranger og Normand Prosper frå Solstad Farstad, Scandi Iceman, Skandi Vega og Skandi Skansen frå DOF og Siem opal frå Siem Offshore.
Det er ingen grunn til å juble for mykje, men vi får glede oss over dei teikn til betring vi ser
Publisert: 27.03.2018 11:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20