Ratene er under operasjonskost
REM: Åge Remøy seier at situasjonen er krevjande, og ser ikkje vekk frå at enkelte skip kan kome til å verte lagde i opplag.
Nytt

- Ratene er under operasjonskost

Rem Offshore-direktør Åge Remøy ser ikkje vekk frå at enkelte Rem-skip kan verte lagde i bøyene.

21.12.2015
- Spotratene i Nordsjøen er no under operasjonskost. For oss vil det faktisk løne seg om enkelte av skipa ikkje er i arbeid, seier Remøy.
Rem Offshore har dei tre PSV-ane Rem Provider, Rem Star og Rem Commander i spotmarknaden i Nordsjøen.
- Alle tre er i arbeid i dag, men vi får sjå kva som skjer over nyttår.
- Vi har ingen konkrete planar om å leggje skip i opplag, men det er heilt klart ein krevjande situasjon, seier Remøy.
Rem Offshore-aksjen er av offshoreaksjane som har halde seg best gjennom oljenedeturen, men dette skuldast at det er svært få aksjar tilgjengelege og dermed få handlar. Selskapet er no verdsett til ein milliard kroner.

Fleire vurderer opplag

Til opplyser skipsmeklar Alf Terje Marthinussen i RG Hagland Shipbrokers at fleire offshorereiarlag no vurderer å leggje skip i opplag.
- På generelt grunnlag så trur vi at det ikkje er befraktar sitt ønskje å «presse» ratene ytterlegare ned.
- Om ratene fortsetter på desse nivåa eller lavare, vil det naturlegvis dukke opp ein diskusjon om korvidt enkelte psv-reiarlag ønskjer å leggje noko av tonnasjen i opplag, seier han.
For oss vil det faktisk løne seg om enkelte av skipa ikkje er i arbeid

Publisert: 21.12.2015 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39