Jonas gahr støre PK januar skjermfoto regjeringen no 11
PRESSEKONFERANSE: Statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen torsdag. Skjermfoto: Regjeringen.no
Nytt

Regjeringa droppar skjenkeforbudet

Gladmeldingar for serveringsbransjen og kulturlivet, men bedriftene må vere budde på høgt sjukefråvær.

13.01.2022

Alle bedrifter må rekne med eit høgt sjukefråvær og leggje planar for å halde oppe mest mogleg normal drift, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Torsdag kveld klokka 19 gjorde regjeringa greie for oppmjukinga i smitteverntiltaka på ein pressekonferanse.

Sjå heile pressekonferansen her (ekstern lenke)

– Vi kan sleppe opp noko, men vi kan ikkje sleppe opp heilt. Det er den vanskelege balansegangen som trengst for å verne kontroll med pandemien i den situasjonen vi går inn i, innleie Støre.

Statsministeren sa samtidig at smittetoppen ifølgje FHI ligg framfor oss, og at vi dermed risikerer at sjukefråværet vil stige.

– Sjukefråværet vil sannsynlegvis bli høgt. Alle bedrifter og verksemder må førebu seg på det. Det må leggjast planar for å halde oppe mest mogleg normal drift i ein krevjande situasjon, la Støre til.

Skjenking og konsertar med opptil 200 i salen
Statsministeren inneleia med å seie at tiltaka som blei innført i desember har virka. Han understreka at det vil bli krevjande å balansere

  • Det blir lov å skjenke alkohol ved bordene for serveringsstader fram til klokka 23.
  • Om det er praktisk mogleg, så skal tilsette framleis jobbe heimefrå.
  • Smittekarantene for andre nærkontaktar til smitta personar, altså dei som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, blir erstatta av eit testregime på fem dagar.
  • Utelivsbedrifter som arrangerer konsertar, kan ha opptil 200 personar innandørs med faste tilviste plassar. Anbefaling om å halde ein meters avstand og munnbund vil gjelde også her.
  • Vaksne over 20 år får ikkje like store lettar i idretten. Der vil det framleis vere ei anbefalt grense på 20 personar og det skal haldast ein meters avstand.

Les dei nye tiltaka frå regjeringa (ekstern lenke)

Held på meteren
Samtidig beheld regjeringa tilrådinga om å halde 1 meters avstand til andre enn dei næraste og rådet om å ikkje ha meir enn ti gjestar heime.

Elles blir òg påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde ført vidare .

– Vi må framleis ha tiltak for redusert kontakt slik at vi vernar kontrollen med pandemien. Framover vil smitten sannsynlegvis øke raskt, seier statsministeren.

Vil greie ut koronapass
Under pressekonferansen kom det fram at regjeringa har gitt Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet oppdrag med å vurdere konkrete forslag til korleis koronasertifikat kan takast i bruk på arrangement og serveringsstedar.

Delvis skjenkjeopning, gult nivå i alle skular var blant tiltaka helsestyresmaktene på førehand tilrådde regjeringa å innføre.

Endringane vil gjelde frå natt til fredag, medan tiltaka for barnehagar, skular og SFO vil gjelde frå natt til laurdag.

Publisert: 13.01.2022 18:55

Sist oppdatert: 13.01.2022 20:58

Mer om